Nynorsksenteret: barnehage

 
Barnehage / Songar og musikk /

Songar og musikk

Dagane
Hilde Myklebust og Heidi Marie Vestrheim har laga ein song om vekedagane. Her finn du både tekst, illustrerte ark for kvar vekedag, musikkvideo, gitargrep, komp og innspeling av songen.

 

Matvers
Ei lita samling med matdikt på nynorsk. Nokre av versa er tonesette, og alle er illustrerte av Per Ragnar Møkleby.

 

Nynorske barnesongar på Spotify og i Wimp
Nynorsksenteret har laga til spelelister med nynorske barnesongar for Spotify, Tidal og Wimp.

 

Nynorske barnesongbøker på nett

Tunkatten si songbok
På vevsida til Tunkatten har Ivar Aasen-tunet laga ei songbok med nye og gamle nynorske barnesongar. På songboksidene finn du både notar, komp og innspelingar av songane.

 

Songboka mi
Songbok i nettutgåve på sida til Nasjonalbiblioteket.

 

Ride, ride ranke
Bok med barnesongar og barnerim i nettutgåve på sida til Nasjonalbiblioteket.

 

Norske barnerim
Bok med barnesongar og barnerim i nettutgåve på sida til Nasjonalbiblioteket.

 

Nynorske barnesongbøker i handelen

Song for deg og meg
Songskattar, viser og populære songar på nynorsk og dialekt. Av Odd Nordstoga (red.), Samlaget 2014

 

Syng sjøl
114 nynorske barnesongar. Nokre av songane finst òg samla på ein CD. Av Geirmund Johnsen (red.), Selja Forlag 2004

 

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)