Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Barnetrinn /

Barnetrinn

Lese, snakke og skrive er ferdigheiter som er grunnleggjande for deltaking i arbeidsliv og demokratisk arbeid. Skulen skal bidra til å utvikle desse ferdigheitene. På denne sida finn du ressursar, opplegg og tips som særleg vektlegg arbeid med nynorsk tekst og språk. Dette er undervisningsfilmar, boktips, undervisningsopplegg og mykje meir.

Lese= lesing  Skriftleg= skriving  Munnleg= munnleg  Rekning= rekne  Digitalt= digitalt

Les meir om grunnleggjande ferdigheiter med vekt på nynorsk.

Tidleg startTidleg start 
Born er nysgjerrige på språk, og gjennom å snakke om, leike med og prøve ut nye språkvariantar utviklar dei både språkkompetanse og språkleg medvit. I denne samanhengen er arbeidet med dei to norske målformene ein ressurs.
LeseSkriftlegMunnleg 

LeselystLeselyst
Lesing er nøkkelen til kunnskap, og ei viktig oppgåve er å legge til rette for at barn kan utvikle seg til gode lesarar. For å bli ein god nynorsklesar og -skrivar treng ein å lese mykje nynorsk.
Lese 

 

Berte og IverBerte og Iver
Elevar skal leike, improvisere og eksperimentere med rim, rytme, språklydar, staving og ord og lytte til tekstar på nynorsk (LK06 etter 2. årstrinn). På Berte og Iver-sidene kan elevar sjå nynorske animasjonsfilmar, høyre høyrespel og leike seg med spel der bokstavar, rim og ordleik står sentralt.
LeseSkriftlegMunnlegRekneDigitalt 

MusikkMusikk 
Elevar skal samtale om songar, regler og dikt frå fortid og notid (LK06 etter 4. årstrinn). Etter 7. årstrinn skal dei kunne bruke song og musikk i framføringar og presentasjonar. På denne sida finn du tips til musikk og songar du kan nytte i undervisninga.
LeseMunnleg 

Brett ei bok 
Forfattaren Erna Osland har laga ei samling med små forteljingar. Tekstane ligg ute som brettebøker, slik at borna kan skrive ut ark og sjølve brette dei til bøker.
LeseSkriftlegMunnlegRekne 

TeikneseriarRessurssider for teikneseriar 
På desse sidene finn du nynorske teikneseriar til utskrift, lærarressursar og teikneseriekurs. Teikneseriearbeid kan gjere norskfaget meir praktisk og variert.
LeseSkriftleg 

Nynorskbok.noNynorskbok.no
Her finn du tips til nye, gode nynorske bøker og teikneseriar for ulike aldersgrupper.
Lese 

iPraksisI praksis: fagskriving i barneskulen 
Gjennom filmen i praksis: fagskriving på barnesteget kan du sjå korleis du kan arbeide med fagskriving på barnesteget. Forfattar Erna Osland og skodespelar Adele inspirerer til fagskriving.
LeseSkriftlegMunnleg 

Skriving på nynorskSkriving på nynorsk 
Å skrive er både ein reiskap for å lære og ein del av det som skal lærast i faga. Vi skriv ulikt i samfunnsfag og naturfag, og vi skriv ulikt på nynorsk og bokmål.
Skriftleg 

Rosas bussBok i bruk: Rosas buss
I dette opplegget arbeider ein i heil klasse med forståing, tolking og refleksjon over ein kompleks tekst med fleire lag av meining.
LeseMunnleg 

Komponering og språkopplæring
Reidun Åslid Bjørlykke skriv om korleis aktivitetsforma komponering kan vera godt eigna til å fremje både lesedugleik og evna til musikkuttrykk.
LeseSkriftlegMunnleg 

 
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 22.12.2016

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)