Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Barnetrinn /

Undervisningsopplegg knytt til biletboka Bomulv

Njord Svendsen og Akin Duzakin har laga ei fin forteljing om mot og vennskap. Boka handlar om den kvite ulven Bomulv, som ikkje er som resten av ulvane i flokken. Ikkje liknar han på dei, og ikkje kan han ule. Dei andre ulvane mobbar han, og til slutt får Bomulv nok. Han finn ut at han må kome seg bort, og tidleg ein morgon legg han på sprang gjennom den mørke skogen.

På den andre sida av skogen møter Bomulv sauen Stig. Dei to blir venner, og saman opplever dei mykje spennande. Det heile er skildra med humor og varme. Boka om Bomulv har ei historie som eignar seg like godt for store barn som for små, og boka passar godt som utgangspunkt for både bilettolking og tekstforståing.

Eirik Lissner har laga dette undervisningsopplegget. Han har også gjennomført prosjektet i sjetteklassen sin. Dei jobba med boka og undervisningsopplegget i 2–3 veker. Du kan sjølv velje å bruke berre nokre element frå opplegget, eller gjennomføre heile. 

1. Før lesinga

2. Medan du les

3. Etter at de har lese boka

Kompetansemål

I Kunnskapsløftet (K06) står det mellom anna som eit mål etter 7. trinn i norsk at elevane skal

I kunst og handverk skal elevane etter 7. trinn

Mål for undervisningsprosjektet

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 01.09.2017

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)