Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Barnetrinn / Fagskriving /

Fagskriving på barnesteget

Desse to filmane dokumenterer eit skriveprosjekt på Dingemoen skule i Fjaler kommune vårsemesteret 2011. Skulen har i lengre tid arbeidd systematisk med lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheit, og som eit ledd i denne satsinga blei forfattar Erna Osland og dokkespelar Adele Duus inviterte til skulen for å inspirere til fagskriving. Læreplanen seier at elevar skal kunne skrive forteljande, skildrande, reflekterande og argumenterande tekstar etter mønster frå eksempeltekstar og andre kjelder. Dei skal også kunne gi tilbakemelding på andre sine tekstar ut frå faglege kriterium og arbeide vidare på eigne tekstar på bakrunn av tilbakemeldingar (LK06, kompetansemål etter 7. årstrinn). Desse filmane viser korleis elevar kan arbeide med fagskriving på barnesteget.

Skriveprosjektet har tre fasar:

Drama og fagskriving

Adele Duus, 3.–4. trinn, 13.12 minutt

Denne filmen byrjar med å vise leseførearbeidet som elevane gjorde før møtet med Adele Duus. Vi får sjå eit utdrag av dokketeateret Sov søtt, herr Spiss, og vi ser døme på korleis dramaøvingar kan vere ein inngang til fagskriving. Også her følgjer vi skriveprosessen fram til ferdig produkt.

Undersøking og fagskriving

Erna Osland, 5.–6. trinn, 16.53 minutt

I denne filmen følgjer vi Erna Osland og skrivedagen med elevane på 5.–6. trinn og deretter prosessen vidare til ferdig tekst og bok. Sentralt i opplegget står det å gjere undersøkingar og å skrive fagtekst på bakgrunn av undersøkinga.

Faggruppe

Hjalmar Eiksund, Nynorsksenteret
Janne Karin Støylen, Nynorsksenteret
Knut Åge Teigen, Snöball Film
Kari Heier Nistad, rektor Dingemoen skule

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 22.12.2016

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)