Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Barnetrinn /

Komponering og språkopplæring

Tekst: Reidun Åslid Bjørlykke, førstelektor i musikk ved Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda

Vi veit at barn lærer gjennom mange kanalar, på ulike måtar, og at bruk av estetiske fag i kombinasjon med andre fag har innverknad på barns trivsel og læring. Leseopplæring og bruk av musikk har mange element felles. Aktivitetsforma komponering kan difor vere godt eigna til å fremje både evna til musikkuttrykk og lesedugleik.

Nyare forsking innanfor ulike område som til dømes intelligensutvikling, læringsstilar og kunstfag i opplæringa aktualiserer det å nytte faglege opplegg i kombinasjon med fleirfaglege og tverrfaglege opplegg. Eg viser her til Howard Gardner med teorien om multiple intelligensar, Ann Bamford med forsking knytt til bruk av kunstfagleg opplæring i skulen og Thomas Armstrong sin omtale av bruk av mange intelligensar i lese- og skriveopplæring.

Kunnskapsløftet LK06 – musikk og norsk

Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK06) legg til rette for at fag skal kunne kombinerast. Gjennom «Grunnleggende ferdigheter i faget» skal ein i musikk kunne utvikle både munnleg og skriftleg uttrykk og lære seg å lese symbol, teikn og former for notasjon. Munnleg uttrykk kan vere «å synge, komponere ved å eksperimentere med stemmen og delta i samspill og vokal framføring» (LK06 s. 139). Skriftleg uttrykk kan vere bruk av ulike former for notasjon for å ta vare på eigenkomponert musikk og i samband med lytting og improvisasjon. Å kunne lese i musikk har med det å tolke og forstå musikalske uttrykk og symbol å gjere. Det vert framheva at ein viktig føresetnad for lesing er å kunne konsentrere seg over tid. «Gjennom lytting, musisering og tolking av musikalske uttrykk og symboler gir musikkfaget viktige bidrag til dette.» (ibid.)

Under kompetansemål for musikk, 2. årstrinn, hovudmomentet komponere, finn ein desse måla:

«Målet for opplæringa er at eleven skal kunne

Under hovudmomentet musisere skal eleven mellom anna kunne bruke stemma variert i ulike styrkegrader og tonehøgder og imitere og improvisere enkle stemmer og rytmar. Under hovudmomentet lytte vert mål knytte til det å kunne samtale om klang, melodi, rytme, dynamikk og tempo og kjenne igjen lydar av ulike instrument. Alle desse elementa som høyrer til under musikalsk uttrykk, kan ein også finne igjen i samband med leseopplæring. Men då nyttar ein kanskje annan terminologi.

Når det gjeld norskfaget, kan ein definere musikkfaget og komponeringsaktivitet inn under hovudområda «Muntlige tekster» og «Sammensatte tekster». Her handlar det om munnleg kommunikasjon, lytting og utforming av munnleg tekst. Samansette tekstar kan vere tekstar som inneheld mellom anna bilete, musikk og songar. Eit opplegg med komponering til ein prosatekst i biletboka Les for meg kan høve inn her. Under kompetansemål etter 2. årstrinn, samansette tekstar, finn ein følgjande:

«Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

Her er såleis godt grunnlag for å arbeide med komponering i tilknyting til norskfaget i begynnaropplæringa.

Felles element – språk-/leseopplæring og komponering

Norskfaget og musikkfaget har mykje felles. Mest kjent og brukt er naturleg nok songar, rim og regler der ord og rytme er i fokus. Her vil eg avgrense meg til å omtale nokre element som går på komponering og leseopplæring. Sentralt for begge desse arbeidsformene er lytting, lydproduksjon og lyddiskriminering, rytme, symbolbruk, form og dynamikk. I tillegg vil eg nemne meir generelle pedagogiske element som konsentrasjon, motivasjon og kreativitet.

Når det gjeld metodar innanfor leseopplæring, har det tradisjonelt vore to tilnærmingar som har vore mykje nytta. Gjennom ordbiletemetoden, også kalla analytisk metode (frå heilskap til del), vert barnet presentert for heile ord som gjerne kan vere kopla saman med eit bilete av tydinga av ordet, og som barnet etter kvart lærer seg. Gjennom lydering/lyddiskriminering/bokstavering, også kalla syntetisk metode (frå del til heilskap), vert barnet presentert for bokstavar og øver seg på å kople desse saman til ord slik at ein kan «dra saman» bokstavane til meiningsberande einingar i form av ord. Ofte ser ein at begge desse metodane er i bruk i samband med leseopplæring, og at dei utfyller kvarandre.

Kva element er det som ligg til grunn for innlæring/leseopplæring og komponering? Her vil eg kort omtale lytting, bruk av symbol, lyddiskriminering og lydproduksjon med klang og rytme og dynamikk som dei viktigaste elementa.

Evna til å lytte er grunnleggjande for leseopplæring. Denne evna er utvikla og i funksjon medan barnet er i mors mage. Allereie før fødselen er lytteaktiviteten i gang og utfaldar seg på mange felt i småbarnsåra både gjennom språk og musikkaktivitetar. Spedbarnet let seg underhalde og roe ned av songar og «samtalar». Eittåringen dansar til musikken, og leitar etter lydar til å setje saman sitt ord for mamma og pappa, anten dette vert «va-va» eller «da-da». Fire-, fem- eller seksåringen har for lengst erobra både orda, musikken og songane og går laus på lesinga med å orientere seg om symbola for orda – bokstavane. Her ser ein gjerne at dei prøver å lære seg bokstavane i namnet sitt, gjerne første bokstaven som vert «deira» bokstav, og så utvidar dei etter kvart. Skuleeleven møter den meir tilrettelagde leseopplæringa der bokstavinnlæring og oppfatning av ord er det sentrale. Til grunn for all denne læringa ligg lytting. Den er der i samband med lyddiskriminering og lydproduksjon, og er også bindeleddet mellom desse elementa og forståing og innlæring av symbol. Sjølve leseinnlæringa vert kort sagt ein prosess der barnet skil mellom lydar og koplar lydar med symbol, som igjen vert meiningsberande i form av ord.

I samband med lyddiskriminering og lydproduksjon vert omgrepa klang og rytme sentrale. Dette er omgrep som det er vanleg å omtale som grunnelement i musikk. Når det gjeld omgrepet klang, vert det hevda at dette er det første barnet vert kjent med av musikalske grunnelement. Her vert omgrepet klang brukt om karakteristiske eigenskapar ved lydkjelda som skaper musikken. Lydkjelda kan vere eit musikkinstrument, ei stemme, klapping eller slag på kroppen eller ei anna form for lydkjelde. Materialet i lydkjelda skaper den særeigne klangen. For å karakterisere klangen i lydkjelder bruker ein gjerne kontrasterande omgrep som til dømes lys/mørk, skarp/fyldig eller lang/kort (Bjørlykke/Skorpen 2009). Når det gjeld bruk av stemma som lydkjelde, kan dette vere den normale talestemma med bruk av ord og variasjonar i tonefall. Dette er det vanlege i samband med leseopplæring. Men ein kan også tenkje seg ein meir eksperimenterande bruk av stemma som lydkjelde, der ein finn fram til variasjonar i lydar, dynamikk og tonefall, og der ein kan dikte opp eller prøve ut «nye» lydsekvensar. Dette vil det vere naturleg å gjere i samband med komponering. Ei slik form for komponering kan karakteriserast som lydleik. Både den tradisjonelle måten å bruke stemma på og den meir eksperimenterande kan fremje evna til lyddiskriminering og lydproduksjon.

Rytme spelar ei sentral rolle både i språk og i musikk. Alle ord har rytme i seg, og all musikk har anten bunden rytme eller fri rytme. Bunden rytme er karakterisert ved eit metrisk preg der ein kan registrere pulsen eller takta, medan fri rytme ikkje let seg fange av det metriske. I leseopplæring vert ordrytmen innarbeidd i tilknyting til den fonetiske (den lydmessige) innlæringa. Ordrytmen kjem til etter kvart som barnet lærer seg heile ord, eller i etterkant av at det har bokstavert og drege saman eit ord. For at barnet skal få kontroll på eit ord, må det ha rett rytme i måten å seie ordet på. Rytmisk musikkaktivitet kan vere eksperimenterande eller tradisjonell. Å leike seg med fri rytme kan passe godt i samband med at ein vil utforske ulike typar klangar. Å bruke bunden rytme passar godt inn med bruken av ordrytme som til dømes songar, rim og regler. Å leggje vekt på rytme – fri eller bunden – kan auke barnet sitt medvit om språkleg og musikalsk uttrykk.

Dynamikk er alltid ein del av språk og musikk. Ein finn variasjonar i stemmebruk frå det svake til det sterke. I musikk er dynamiske variasjonar ein viktig del av det musikalske uttrykket, og noko born skal få verte kjende med som eit verkemiddel i det å komponere. Ein tenkjer nok ikkje dynamikk inn som ein vesentleg del av leseopplæringa, då den dynamiske bruken av stemma her ligg meir på det jamne. Men kanskje kan her vere noko å hente for leseopplæringa om ein vil tilføre meir spenning og fleire nyansar i uttrykket?

Omgrepet form seier noko om korleis ei forteljing eller ein komposisjon vert bygd opp. Elementet form inneheld ulike delar. Det kan vere eitt eller fleire tema som vert gjentekne, eller det kan handle om variasjonar i kontrasterande delar. Det kan også innebere oppbygging mot eit høgdepunkt eller eit klimaks i forteljinga eller i komposisjonen. Å ha forståing for dette elementet er til hjelp når ein skal bruke ei forteljing som utgangspunkt for ein komposisjon.   

Teikning av partitur.

Å kunne forstå, tolke og gjenkjenne symbol er basis for leseopplæring. Her vil bokstavar vere dei symbola barnet skal tileigne seg. Når det gjeld musikk og komponering, er der fleire former for symbol som kan nyttast. Fagplan for musikk i LK06 opnar for stor valfridom når det gjeld bruk av notasjon. Under kompetansemålet «Komponere» etter 7. årstrinn i LK06 skal eleven kunne «bruke grafisk notasjon til å lage skisser av komposisjonene» (LK06 s. 141). Etter 10. årstrinn skal eleven kunne «notere egenprodusert musikk ved hjelp av grafisk notasjon eller tradisjonell notasjon» (LK06 s. 142). For dei lågare klassestega står ein fritt til å bruke ei form for notasjon eller la det vere. Det er klart at born er ikkje avhengige av notasjon for å kunne komponere, men grafisk notasjon kan vere eit godt hjelpemiddel også for dei minste elevane. Å starte tidleg med dette kan gi eit meir medvite forhold til lydproduksjon og lyddiskriminering.

Å lytte, å skilje lydar og å kople lydar saman med symbol krev stor konsentrasjon av barnet/eleven, anten det er forteljing eller det er komponering det handlar om. Det vert difor viktig at eleven er motivert for aktiviteten. Leik og variasjon i opplegget kan vere med på å styrkje både motivasjon og konsentrasjon og gjere opplevinga rikare og auke kunnskapen for barnet/eleven. Med ein tekst som utgangspunkt ligg det til rette for vidare fabulering og fantasering. I denne samanhengen kan dette skje gjennom komponering. Slik vert den kreative evna stimulert. Med kreativitet følgjer det gjerne motivasjon. Å få leike seg med å fantasere med lydar og rytme i musikk og tekst gir lyst til meir aktivitet. Og konsentrasjonen hos borna aukar i takt med motivasjon og kreativitet.

Litteratur

Les meir

Komponering til forteljing i barneskulen
Opplegg for barneskulen der borna nyttar forteljinga om Jakob og Neikob som utgangspunkt for komponering av musikk.

 
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 06.07.2016

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)