Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Barnetrinn / Leselyst /

Leselyst

– Å lese er ei trening i å leve, seier forfattar Erna Osland. – Når du les ei bok kan du reise ut i verda, oppleve og lære. Du kan lese opp att, hoppe over, lese kvar som helst i boka, ikkje lese ho ut. Det ligg ein enorm fridom i det å vere lesar. Lesaren er fri!

Lesing er nøkkelen til kunnskap, og ei viktig oppgåve for skule og barnehage er å legge til rette for at barn kan utvikle seg til gode lesarar. Resultat frå PISA-undersøkingane viser at det er samanheng mellom det å vere glad i å lese og prestasjonane på skulen. Difor har leselyst ein sentral plass i skulen. For elevar med nynorsk som hovudmål er det spesielt viktig at dei får lese bøker på nynorsk. For å bli ein god nynorsklesar og -skrivar treng ein å lese mykje nynorsk.

⇒ Les meir om lesing på nynorsk.

Boktipshefte

(Trykk på pila oppe i venstre hjørne dersom du vil laste ned hefta for utskrift e.l.)

Korleis legge til rette for å motivere elevar til lesing?

I lese- og skrivesatsinga Språkløyper vert det presentert forskingsbasert kunnskap om kva som har vist seg å gi elevar lyst og motivasjon til å lese. I arbeid med leselyst vert særleg fem punkt løfta fram som sentrale.

Språkløyper kan ein lese meir om emnet og få inspirasjon til ulike lesemotiverande tiltak.

Ein kan arbeide med leselyst på ulike måtar Foreininga !les jobbar for å inspirere til meir lesing, auka leseengasjement og interesse for litteratur særleg for barn og ungdom. Dei presenterer leseaksjonar for ulike alderstrinn.  

Leseland er ein serie med underhaldande og engasjerande lettlesbøker som er tilpassa barns interesser og lesekunnskap. Bøkene er delte inn i ulike nivå etter ferdigheitsnivå.

Tonning skule gjennomfører leseaksjon på nynorsk for alle elevane. Dei har laga oppgåver knytte til nynorsk litteratur for elevar på 3. og 6. trinn. Sentralt i leseaksjonen er mengdetrening, samt å auke leseforståinga. Her finn du boktips og oppgåver. Her finn du også malar som du kan bruke om du vil lage oppgåver til andre bøker enn i dette dømet.

Nynorskbok.no inneheld tips om nye, gode nynorske bøker som høver for ulike aldersgrupper. Tipsa er sorterte etter sjanger, emne og aldersgruppe.

Diplom

Her kan du laste ned diplom til bruk i leselystaksjonar. Illustrasjonane er laga av Kristoffer Lindseth.

Kva seier læreplanen?

«Norskfaget skal utvikle elevenes språkkompetanse ut fra de evner og forutsetninger den enkelte har. Muntlige ferdigheter, lese- og skrivekompetanse er både et mål i seg selv og et nødvendig grunnlag for læring og forståelse i alle fag på alle trinn. Faget skal motivere til lese- og skrivelyst og bidra til å utvikle gode læringsstrategier.»

«Skriftlig kommunikasjon

Hovedområdet skriftlig kommunikasjon handler om å lese og skrive norsk. Opplæringen omfatter den første lese- og skriveopplæringen og den systematiske videreutviklingen av lese- og skrivekompetansen gjennom hele opplæringsløpet. Opplæringen i lesing skal stimulere elevens lyst og evne til å lese og skrive, og innebærer at eleven skal lese ulike tekster, både for å lære og for å oppleve. Leseopplæringen skal samtidig bidra til at eleven blir bevisst sin egen utvikling som leser og skriver.»

«I Norge er norsk og samisk offisielle språk, og bokmål og nynorsk er likestilte skriftlige målformer. Vi bruker mange ulike dialekter og talemålsvarianter, men også andre språk enn norsk. Det språklige mangfoldet er en ressurs for utviklingen av barn og unges språkkompetanse. Med utgangspunkt i denne språksituasjonen skal barn og unge få et bevisst forhold til språklig mangfold, og lære å lese og skrive både bokmål og nynorsk. Formålet med opplæringen er å styrke elevenes språklige trygghet og identitet, utvikle deres språkforståelse og gi et godt grunnlag for mestring av begge målformene i samfunns- og yrkesliv.»

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 02.03.2017

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)