Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Barnetrinn / Tidleg start /

Tidleg start med nynorsk

Barn er nysgjerrige på språk, og gjennom å snakke om, leike med og prøve ut nye språkvariantar utviklar dei både språkkompetanse og språkleg medvit. I denne samanhengen er arbeidet med dei to norske målformene ein ressurs. Tidleg start med lesing og skriving på nynorsk for elevar med bokmål som hovudmål kan bidra til positiv utvikling i skriving på både nynorsk og bokmål.

Dei første Tidleg start-prosjekta var knytte til 1.–4. trinn, medan det er mellomtrinnet som har hatt Tidleg start-prosjekt dei siste åra. Ressurs-samlinga dekkjer derfor heile barnetrinnet. Ein treng slett ikkje vere knytt til eit formelt prosjekt for å eksperimentere og leike seg med begge målformene. På denne sida finn du tips og inspirasjon til å kome i gang.

Kva seier læreplanen?Kva seier læreplanen?
Læreplanen legg opp til ein progresjon der elevane møter nynorsken tidleg. Her finn du informasjon om kompetansemåla.

 

Undervisningsopplegg og tipsUndervisningsopplegg og tips
Her har vi samla nokre undervisingsopplegg og tips til korleis ein kan introdusere nynorsk for bokmålselevar

 

Artiklar og fagstoffArtiklar og fagstoff
Her finn du artiklar og fagstoff om Tidleg start-prosjektet og meir generelt om det å starte med nynorskopplæring i barneskular som har bokmål som hovudmål.

 

Sidemål på mellomsteget. God start med nynorskSidemål på mellomsteget. God start med nynorsk
Denne språkløypepakken gjev konkrete tips til korleis de kan arbeide med nynorsk som sidemål på mellomsteget.

 
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 26.10.2016

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)