Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ungdomstrinn /

Å lese multiple tekstar

Filmen «Å lese multiple tekstar» viser korleis ein lærar på ungdomstrinnet underviser med utgangspunkt i eit praksiseksempel som er utarbeidd for Ungdomstrinn i utvikling (Korleis arbeide med informasjon frå fleire kjelder?).

Innhaldet i filmen er basert på kompetansemål i samfunnsfag der det heiter at eleven skal kunne «reflektere over samfunnsfaglege spørsmål ved hjelp av informasjon frå ulike digitale og papirbaserte kjelder og diskutere formål og relevans til kjeldene» (LK06). Eit utval medietekstar der ulike synspunkt i diskusjonen om ulven skal få leve eller ikkje kjem til uttrykk, er tekstgrunnlaget for undervisningssituasjonen. Målet er at elevane skal utvikle kjeldemedvit og utforske og samanstille innhaldet i tekstane.

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 14.12.2016

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)