Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ungdomstrinn /

Eit undervisningsopplegg om Aina Bassos romanar for ungdom og unge vaksne

Her viser vi eit døme på korleis ein kan jobbe med ein litterær tekst munnleg i klasserommet, og deretter som utgangspunkt for skriveoppgåver. Ein kan velje om ein vil lese ei eller fleire av bøkene, eller berre det vedlagde utdraget frå Inn i elden. Ein kan sjølvsagt arbeide med andre litterære tekstar på liknande måte. Romanane til Aina Basso eignar seg også for fordjupings­arbeidet i norsk, enten som eit forfattarstudium eller i tematiske studium. Ein kan også la Bassos bøker gå inn i eit tverrfagleg arbeid saman med samfunnsfag eller historie, til dømes om hekseprosessane i Noreg eller om situasjonen for romanifolket.

Utdrag frå Inn i elden (PDF)

Foto: Tove K. Breistein

Undervisningsopplegget kan passe til desse kompetansemåla:

Kompetansemål etter 10. trinn:

Aina Basso har ein eigen blogg: http://ainabasso.blogspot.no/ Her skriv ho om bøkene sine, og ho har eigne sider som er meinte for skoleelevar.

Kort om forfattarskapen

Aina Basso skriv historiske romanar og legg forteljingane sine tilbake i tid. Hendingane går føre seg på 1600-talet, 1700-talet eller på midten av 1800-talet. Ho tar utgangspunkt i historiske kjelder, men sjølve forteljinga er fiksjon. Hovudpersonane hennar er unge jenter/kvinner som har hamna i spesielle situasjonar og har nokre utfordringar. To av jentene, Maria i Fange 59. Taterpige og Hanna i Finne ly, har taterbakgrunn, og dei må klare seg sjølv langt unna familien sin. Dei har vanskar med å slå seg til ro og er veldig sårbare, men samtidig sterke. Det same er Elen i Inn i elden og Ingeborg i Ingen må vite. Kjærleik og forelsking har sjølvsagt også ein sentral plass i bøkene.

Problemstillingane Basso tar opp, er aktuelle også i vår tid. I romanane møter vi unge menneske på leit etter ein identitet og etter å høyre til. Lesaren kjem nær på personane. I to av bøkene, Inn i elden og Finne ly, er det to eg-forteljarar. Dei to andre, Ingen må vite og Fange 59. Taterpike, har tredjepersonsforteljar.

Fire romanar og eitt essay

Eit essay om den finsk-nordnorske bakgrunnen til Aina Basso: Plukke bær på Ullhovudmyra

Andre ressursar om romanane

Ein litterær samtale i klasserommet

Bruk eit utdrag frå romanen Inn i elden. De kan til dømes bruke kapittel 30 og 31 som vi har lagt ved her. I utdraget møter vi 15 år gamle Elen frå Kiberg, som er eldste dotter av ei einsleg mor med mange barn. Mora har lært ho kunsten å stoppe blod, og nå får ho bruk for det ho har lært. Vi møter også Dorothe frå København, ei 16 år gammal, gift jente frå den danske overklassen. Ein dag treng ho hjelp av Elen.

Hjelpespørsmål: Desse spørsmåla kan læraren ha i bakhand og gje til elevar/grupper som synest det kan vere vanskeleg å komme i gang, eller dei kan delast ut til alle. Men spørsmåla verkar meir styrande for samtalen mellom elevane, og ein bør vurdere om ein ønskjer den styringa, eller om det er betre at elevane diskuterer fritt ut ifrå teksten.

Utforskande spørsmål

Desse spørsmåla kan de samtale om i grupper eller i samla klasse. Det går sjølvsagt også an at elevane arbeider med dei skriftleg.

Førskrivingsarbeid

Bruk litt tid på å finne fram til ord elevane kan bruke i ein eigen tekst. Ein kan finne ord i Bassos tekst ein har lyst til å bruke, eller prøve å setje saman ord på nye måtar. Prøv om de kan lage nokre eigne metaforar eller andre litterære bilde. Alle elevane skriv eit ord eller eit uttrykk på tavla. Desse orda kan alle bruke så mange dei vil av i sin eigen tekst når han/ho skriv sjølv.

(Døme på ord ein kan finne i Bassos tekst: «Det lukta uvant», «noko kvalmande søtleg», «ein kvalm desperasjon», «ei sur mine om kjeften», «fjøstrammen», «lese formularet», «raudsprengde», «ei fluge stangar iherdig», «mirakel», «eg slikkar dei», «Ho er ikkje som andre».)

Kreative skriveoppgåver

Her kan elevane skrive både kortsvarsoppgåver og langsvarsoppgåver:

  1. Tenk deg at du var ei ung jente eller ein gut på 1600-talet og blei skulda for å ha spesielle evner og for å vere heks. Korleis opplever du situasjonen?
  2. Tenk deg at du er tenestejente eller -gut hos ein rik familie, du har tungt arbeid og lange arbeidsdagar. Korleis er kvardagen din?
  3. Tenk deg at du er eldst av mange søsken i ein fattig familie. Kva ansvar og arbeidsoppgåver har du?
  4. Du kjem frå ein fattig familie og er forelska i ei jente eller ein gut i ein rik familie. Han eller ho liker også deg. Kva utfordringar har dette forholdet?
  5. Kva ville du ha gjort om du kom bort frå familien din og måtte klare deg heilt åleine på ein ukjent stad?
  6. Du har ein løyndom som du ikkje vil at andre skal få greie på. Skriv om korleis du klarer å halde han for deg sjølv.
  7. Ein tidsmaskin fører deg tilbake til 1700-talet og dumpar deg ned på torget i ein framand by. Skriv ei skildring av folkelivet, syns- og høyrselsinntrykk og korleis det luktar der.

Tolkingsoppgåver og saktekstar

Finn eit utdrag frå ein av romanane, eller bruk det vedlagde utdraget frå Inn i elden.

  1. Gje ein karakteristikk av hovudpersonen, og sjå på ytre skildringar, indre tankar og korleis personen utviklar seg.
  2. Hovudpersonane i bøkene til Basso lever ikkje isolert, men bur saman med andre i ei bygd eller ein by. Skriv om korleis det fysiske og sosiale miljøet blir skildra.
  3. Skriv om korleis synsvinkelen og forteljarposisjonen blir brukt i den  romanen du jobbar med. Kva verknad får ein slik synsvinkel for korleis vi oppfattar personane i romanen?
  4. Skriv ein artikkel om kva det tyder å skrive historisk litteratur, og kva fordelar og utfordringar det har å legge historier tilbake i tid.
  5. Aina Basso seier på youtube: «Eg ønskjer at lesarane skal føle noko, at dei skal ha forflytta seg i tid og rom til ei tid som ikkje er vår. Så håper eg at dei får ny kunnskap og nye tankar om korleis det er å vere annleis, korleis det er å skilje seg ut og vere del av ein minoritet.» Vurder kva verdi det har å lese om folk som lever i ei anna tid eller på ein annan stad enn vår.
  6. Romanifolket/dei reisande har status som nasjonal minoritet. Gjer greie for kva det inneber, og kva det har å seie for rettane deira. Bruk gjerne denne lenka: Nasjonale minoriteter (Regjeringen.no)
  7. I essayet «Plukke bær på Ullhovudmyra» skriv Aina Basso om oldeforeldra sine og bestemora, og korleis dei kom frå Finland og slo seg ned i Aust-Finnmark. Skriv eit essay om ein av dine slektningar og heimplassen hennar/hans. Argumenter for kvifor andre bør reise dit og oppleve denne staden. 

Undervegsvurdering

Skriveoppgåvene skal fremme læring og hjelpe elevane til å utvikle seg som skrivarar. Oppgåvene skal også hjelpe elevane til å nå kompetansemåla i læreplanen. Dette krev også god jobbing med undervegsvurdering, jf. §3.11 i forskrift til Opplæringslova.

Meir om undervegsvurdering finn du hos Udir: Fire prinsipper for god underveisvurdering

Du finn meir om respons på elevtekstar hos Skrivesenteret: Fem teser om funksjonell respons på elevtekster

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 03.05.2017

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)