Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ungdomstrinn /

Nynorsk lærebok i KRLE

Mange skular har prøvd ut opplegg der elevar med bokmål som hovudmål bruker nynorske lærebøker i andre fag enn norsk. Føremålet er først og fremst at elevane skal få meir øving i å lese fagtekstar på nynorsk. Med ei nynorsk lærebok utanfor norskfaget får elevane røynsle med nynorsk som eit språk i bruk. 

I denne filmen frå 2007 ser me døme på korleis læraren Torill Tørjesen på Holmlia i Oslo gjennomfører ei undervisningsøkt. 

Det er viktig å avklare eit slikt lærebokval tidleg med elevane og med heimen. Å forlenge sidemålsundervisninga til KRLE, eventuelt samfunnsfag, har fleire pedagogiske fordelar som dei føresette må informerast om. Lærarane har erfart at når læreboka er på nynorsk i eit anna fag enn norsk, kan elevane tileigne seg kunnskapar i faget samstundes som dei blir fortrulege med å lese og skrive nynorsk. Å lære ord og fagomgrep på to målformer gir ei utvida forståing i faget fordi elevane får eit stort ordtilfang om eit fenomen. Denne læringssituasjonen opnar opp for kontrastiv språkopplæring der kvardagsspråk og fagspråk blir sett opp mot kvarandre og samanlikna med omgrep på nynorsk og bokmål. Slik undervisning skaper medvit om kravet til presisjon i språket og gjer elevane motiverte for å lære sidemålet sitt fordi dei kan bruke det i ein meiningsfull samanheng.

Moglege nynorskaktivitetar

Les meir om lærebokprosjekta

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 21.06.2016

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)