Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ungdomstrinn /

Ungdomstrinn i utvikling

Ungdomstrinn i utvikling er ei nasjonal satsing på ungdomstrinnet. Satsinga er skulebasert, noko som inneber at alle dei tilsette på skulen skal ta del i ein utviklingsprosess ved eigen skule. Klasseleiing, rekning, lesing og skriving er satsingsområde. Målet er å gjere elevane meir motiverte for læring ved å skape eit godt læringsmiljø der undervisninga blir meir praktisk, variert, relevant og utfordrande.

Nynorsksenteret samarbeider med Lesesenteret og Skrivesenteret om å utvikle læringsressursar for lærarar på ungdomstrinnet om å lese og skrive nynorsk i ulike fag:

Korleis kan ein betra elevane sine ferdigheiter i sidemål?

Praksiseksempelet handlar om skuleutvikling og endring av praksis og gir eksempel på grep som eit norsklærarkollegium ved ein bokmålsskule tok for å endre praksis.

Leseopplæring i samfunnsfag for elevar med nynorsk som sidemål

Praksiseksempelet viser korleis elevar med nynorsk som sidemål får høve til å bruke språket i samfunnsfag når læreboka er på nynorsk.

Frå dikt til teikneserie og film

Praksiseksempelet tek for seg korleis vi kan tolke tekstar gjennom omforming. Ved å studere og prøve ut modalitetar i ulike medium og sjå på samspelet mellom dei kan elevane få ei utvida forståingsramme.

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Praksiseksempelet handlar om å kunne ta i bruk lesestrategiar der elevane har fått tildelt roller i ein lesesirkel for å kunne studere språklege trekk i nynorsk i eit komparativt perspektiv.

Korleis arbeide med informasjon frå fleire kjelder?

Praksiseksempelet tek for seg korleis elevane ved å lese multiple tekstar lærer å integrere informasjon frå fleire kjelder og ikkje minst å vere merksame og kritiske til kjeldene.

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Praksiseksempelet tek for seg korleis ein gjennom modellering og pararbeid kan arbeide med å la elevane finne hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst.

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 22.06.2016

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)