Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ungdomstrinn i utvikling
Ei nasjonal satsing på lokalt utviklingsarbeid i klasseleiing, rekning, lesing og skriving.

Gode nynorskbøker for ungdomsskulen

Ungdomstrinn /

Ungdomstrinn

På denne sida finn du læringsressursar med forslag til undervisning, litteratur og eksempeltekstar som kan vere innspel til ei variert undervisning med vekt på å lese og skrive som grunnleggjande ferdigheit på nynorsk, både i norskfaget og i andre fag.

I norskfaget  skal elevane kunne lese og samtale om tekstar på nynorsk og bokmål både på barnetrinnet og ungdomstrinnet. Men kompetansemåla som omfattar skriving i norsk, innfører omgrepa sidemål og hovudmål etter 7. og 10. årstrinn.

Les meir om grunnleggjande ferdigheiter med vekt på nynorsk.

Lese= lesing  Skriftleg= skriving  Munnleg= munnleg  Rekning= rekne  Digitalt= digitalt

Hjelp til å skrive rettHjelp til å skrive rett
Her finn du mellom anna eit nynorskkurs i teikneserieform, eit interaktivt øvingsrom frå Språkrådet og ei nynorsk frasesamling som er god å ha når ein skriv saktekstar.
Skriftleg 

 

Å lese multiple tekstarÅ lese multiple tekstar
Filmen «Å lese multiple tekstar» viser korleis ein lærar på ungdomstrinnet underviser i å arbeide med informasjon frå fleire kjelder.
LeseSkriftlegMunnleg 

 

Aina Basso
Eit undervisningsopplegg om Aina Bassos romanar for ungdom og unge vaksne
LeseSkriftlegMunnleg 

 

Ungdomstrinn i utviklingUngdomstrinn i utvikling
Til satsinga Ungdomstrinn i utvikling har Nynorsksenteret vore med på å utvikle læringsressursar for lærarar på ungdomstrinnet om å lese og skrive nynorsk i ulike fag.
LeseSkriftlegMunnleg 

 

Snakk saman om språkSnakk saman om språk
Ein plakat med gode råd og tips til opplæring i nynorsk som sidemål.
LeseSkriftlegMunnleg 

 

Å utforske språketÅ utforske språket
Praksiseksempel med vekt på å sjå korleis ein kan få elevane merksame på språket i tekstane dei skriv, og på å skape ein klasseromskultur der ein snakkar om språk.
LeseSkriftlegMunnleg 

 

Typisk nynorskTypisk nynorsk
Typisk nynorsk er ei samling med ulike undervisningsopplegg knytte til arbeid med nynorske tekstar. Felles er at dei vektlegg dei grunnleggjande ferdigheitene lesing, skriving og munnleg.
LeseSkriftlegMunnleg 

 

TeikneseriarRessurssider om teikneseriar
På teikneseriesidene finn du nynorske teikne­seriar til utskrift, lærarressursar og teikneseriekurs. Teikneseriearbeid kan gjere norskfaget meir praktisk og variert.
LeseSkriftleg 

 

Tekstbasen
Tekstbasen er ei samling av autentiske medietekstar i mange ulike sjangrar og stiltypar, til dømes reklamar og reportasjar.
LeseRekningDigitalt 

 

Nynorskbok.no
På Nynorskbok.no kan du finne tips til nye, gode nynorske bøker og teikneseriar for ulike aldersgrupper.
Lese 

 

Nynorsk lærebok i KRLENynorsk lærebok i eit anna fag enn norsk
Når elevar med bokmål som hovudmål har lærebok på nynorsk i eit anna fag enn norsk, kan dei tileigne seg kunnskapar i faget samstundes som dei blir fortrulege med å lese og skrive nynorsk.
LeseSkriftlegMunnleg 

 

Skriving i alle fagSkriving i alle fag – for elevar med nynorsk som hovudmål 
På denne samlesida finn de tips og råd til korleis arbeide med skriving på nynorsk. Døma er henta frå samarbeidsskulane til Nynorsksenteret.
LeseSkriftleg 

Språksamtale i klasserommetUtforskande samtalar om språk
Gode språksamtalar i klasserommet fremjar læring. I desse nye teikneseriane viser me døme på korleis du som lærar kan få til utforskande samtalar om språklege fenomen på nynorsk.
Munnleg 

 

NyhendesendingNyheitssending - munnleg formidling
I dette opplegget skal elevane finne fram til tekstlege og grammatiske aspekt ved ei nyheitssending. Etterpå skal dei i grupper skrive manus til og framføre ei nyheitssending sjølve.
LeseSkriftlegMunnleg 

 

Språkhistoria på 11 minuttSpråkhistoria på 11 minutt
Magritt Jarlsdotter Grimstad har laga ein fortelje­teaterversjon av språkhistoria. Filmen kan vere til inspirasjon for deg som lurer på korleis språkhistoria kan gjerast meir levande.
Munnleg 

 

Arbeid med reklamarArbeid med reklamar
Ein måte å opne nynorskauga til elevar på, er nettopp å la nynorsk dukke opp stader du elles ikkje møter han så ofte.
LeseSkriftleg 

 

MusikkMusikk
Her finn du mellom anna spelelister med nynorske songar i Wimp og Spotify
LeseMunnleg 

 
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 26.04.2017

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)