Nynorsksenteret: vidaregåande

 
Vidaregåande /

5 tips til nynorskundervisning

Nynorskundervisninga i den vidaregåande skulen har ofte vore knytt til enkelte tema meir enn andre. Temaa har ofte vore grammatikkundervisning, dialektlære, språkhistorie og lyrikk. Det trengst difor ei fornying av nynorskundervisninga i vidaregåande opplæring. Ein kan formulere nokre av desse behova på følgjande måte:

  1. Gjennom ein skuledag les elevar langt fleire bokmålstekstar enn nynorsktekstar, både på nett og i læremidla. Nynorske tekstar må derfor brukast oftare i undervisninga, for å gje elevane språklege føredøme på nynorsk og gjere dei fortrulege med nynorsk som skriftspråk.
  2. Ein må bruke fleire gode tekstar på nynorsk, ikkje berre skjønnlitterære tekstar, men også sakprosatekstar. Tekstbasen som er utarbeidd ved Nynorsksenteret, kan til dømes brukast. Ein må utarbeide undervisningsopplegg med elevoppgåver som kan brukast i arbeid med tekstane.
  3. Ein må hjelpe elevane til å skrive nynorsk også i mindre format. Ofte skriv elevane lengre tekstar, som analysar eller artiklar, men elevar synest ofte dette er vanskeleg, blant anna fordi dei er språkleg usikre. Derfor bør elevane skrive små tekstar på nynorsk med jamne mellomrom gjennom alle dei tre åra på vidaregåande. Dette vil fremje djupnelæring når det gjeld rettskriving, samtidig som elevane får prøve ut ulike sjangrar og får trening i kortsvar.
  4. Elevane bør jobbe med ulike former for skrivemetodikk, til dømes gode mønstertekstar. I arbeidet med nynorsk treng dei skriverammer særleg med tanke på sakprosa-sjangrane, men dei treng også å bruke nynorsk i den kreative skrivinga, og dei treng oppgåver som hjelper dei til å vere kreative.
  5. Elevane må utvikle gode tilbakemeldingspraksisar på arbeid andre elevar gjer. Dei treng å verte merksame på at dei kan verte betre i nynorsk ved å hjelpe medelevane sine, til dømes gjennom å leggje vekt på rettskrivinga innanfor ei ordklasse i ein tilbakemeldingsperiode. Elevane må få opplæring i å drive vurdering for læring på tekstar av andre elevar, bruke samskrivingsverktøy o.l.

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)