Nynorsksenteret: vidaregåande

 
Vidaregåande / Lærarnettverk /

Nettverk for nynorsk i vidaregåande opplæring

Nynorsksenteret har oppretta eit eige nettverk for nynorsk i vidaregåande opplæring for å understreke at nynorskopplæring – både frå eit sidemåls- og eit hovudmålsperspektiv – har særskilte utfordringar. Nettverket skal vere eit forum for lærarar som underviser i nynorsk anten som hovudmål eller som sidemål, og hadde sitt første møte på Gardermoen i september.

Bakgrunnen for at nettverket vart stifta, var behovet for å få ein møtestad for lærarar som jobbar i vidaregåande skule, og som kan tenkje seg å vere med på å utvikle nye ressursar for nynorskundervisninga i vidaregåande opplæring.

Har du spørsmål om nettverket, ta kontakt med Marit Brekke (marit.brekke@nynorsksenteret.no eller Reidun Kydland (reidun@nynorsksenteret.no).

Nynorsksenteret ønskjer at nettverket kan vere ei støtte og ein inspirasjon til nynorskundervisninga i vidaregåande opplæring, og deltakarane i nettverket kjem frå vidaregåande skular over heile landet. Første samling i nettverket var på Gardermoen 28. september 2016. På denne samlinga orienterte vi blant anna om arbeidet med Språkløyper, utarbeidinga av ein nettressurs for lærarar i vidaregåande opplæring, presenterte boka #Nynorsk med meir. Neste samling er 10. mars 2017.

Formålet med opprettinga av nettverket er at det skal vere eit erfaringsdelande nettverk, og at ein skal samarbeide om å lage nettressursar som kan hjelpe lærarane i nynorskundervisninga.

Følgande skular har vorte med i nettverket: Rogaland er representert med St. Olav (Stavanger) og Sola videregående skole. I Hordaland har nettverket tre skular: Nordahl Grieg videregående skole og Olsvikåsen videregående skole. I Sogn og Fjordane er Firda vidaregåande skule med, og Volda vidaregåande skule er representant for Møre og Romsdal.

Sør-Trøndelag er representert med Melhus videregående skole. I Oppland er Valdres vidaregåande skule med. Nannestad videregående skole er deltakar frå Akershus og Jønsberg videregående skole frå Hedmark. I Nordland er Fauske videregående skole med, og i Troms er Tromsdalen videregående skole og Heggen videregående skole frå Harstad deltakarar i nettverket. Nettverket vil verte utvida med nokre skular til, og samla sett ser ein føre seg eit nettverk med 20 skular frå ulike delar av landet.

I tillegg har det vorte oppretta ei facebook-side som skal legge ut informasjon til lærarane, der lærarane kan dele undervisningsopplegg eller refleksjonar om nynorskundervisninga i skulen.

Nynorskundervisninga i den vidaregåande skulen har ofte vore knytt til enkelte tema meir enn andre. Spissformulert kan ein hevde at desse temaa har vore grammatikkundervisning, dialektlære, språkhistorie og lyrikk. Det trengst difor ei fornying av nynorskundervisninga i vidaregåande opplæring. Ein kan formulere nokre av desse behova på følgjande måte:

  1. Gjennom ein skuledag les elevar langt fleire bokmålstekstar enn nynorsktekstar, både på nett og i læremidla. Nynorske tekstar må derfor brukast oftare i undervisninga, for å gje elevane språklege føredøme på nynorsk og gjere dei fortrulege med nynorsk som skriftspråk.  
  2. Ein må bruke fleire gode tekstar på nynorsk, ikkje berre skjønnlitterære tekstar, men også sakprosatekstar. Tekstbasen som er utarbeidd ved Nynorsksenteret kan til dømes brukast. Ein må utarbeide undervisningsopplegg med elevoppgåver som kan brukast i arbeid med tekstane.
  3. Ein må hjelpe elevane til å skrive nynorsk også i mindre format. Ofte skriv elevane lengre tekstar, som analysar eller artiklar, men elevar synest ofte dette er vanskeleg, blant anna  fordi dei er språkleg usikre. Derfor bør elevane skrive små tekstar på nynorsk med jamne mellomrom gjennom alle dei tre åra på vidaregåande. Dette vil fremje djupnelæring både når det gjeld rettskriving, men også gjennom utprøving av sjangrar, og trening i kortsvar.
  4. Elevane bør jobbe med ulike former for skrivemetodikk: Til dømes gode mønstertekstar. I arbeidet med nynorsk treng elevane skriverammer særleg i sakprosa-sjangrane, men dei treng også å bruke nynorsk i den kreative skrivinga, og dei treng oppgåver som hjelper dei til å vere kreative.
  5. Elevane må utvikle gode tilbakemeldingspraksisar på andre elevar sitt arbeid. Dei treng å verte merksame på at dei kan verte betre i nynorsk ved å hjelpe medelevane sine. Til dømes gjennom å leggje vekt på rettskrivinga av ei ordklasse i ein tilbakemeldingsperiode. Elevane må få opplæring i å drive vurdering for læring av elevarbeida til kvarandre.

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)