Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Fagtekstar / Bøker om nynorskopplæring /

Bøker om nynorskopplæring

Rom for språk
Kva er det som skal til for at språkleg mangfald skal slå positivt ut for individ og for samfunn? Og korleis handterer ulike samfunn språkleg mangfald? Dette er blant spørsmåla som vert analyserte og drøfta i denne boka. Artikkelforfattarane er språkforskarar frå Noreg, Sverige, Finland, Færøyane og Canada.
Les meir [19.11.2015]
Nye røyster i nynorskforskinga
Det finst mange mytar om nynorsken, samstundes som det er publisert lite forsking som underbyggjer eller avsannar desse mytane. Det vil denne antologien prøve å bøte på med å gje plass til ny forsking på feltet. Artikkelforfattarane­ tek kvar på sitt vis opp tema som har mykje å seie for nynorskbrukaren:­ språkopplæring, språkleg identitet,­ språkplanlegging. språk­politikk, og normering.­
Les meir [09.09.2015]
Vurdering av skriving
Artiklane i denne antologien tek føre seg læringsfremjande vurdering av skriving og tek utgangspunkt i at god vurderingspraksis er god undervisningspraksis. Nynorsksenteret er ein av bidragsytarane til antologien. Boka er redigert av Trude Kringstad og Trygve Kvithyld.
Les meir [10.07.2015]
Norskboka 1 og 2
Norskboka 1 og 2 gjev norsklærarar på barnesteget ein samla presentasjon av det store norskfaget, og nynorskperspektivet er tydeleg til stades.
Bøkene er redigerte av Hilde Traavik og Benthe Kolberg Jansson.
Les meir [10.07.2015]
Norsk = nynorsk og bokmål
Denne samlinga tek utgangspunkt i at norsk består av både nynorsk og bokmål. Rikdomen som ligg i den norske språksituasjonen, står sentralt i boka. Boka gjev ei grundig historisk og juridisk innføring i tilhøva til nynorsk som skriftspråk i skule og lærarutdanning. Ho gir også idear og teoretisk forankring til konkret arbeid med nynorsk i samband med IKT og litteratur. Boka rettar seg spesielt mot lærarstudentar og lærarar i grunnskulen, samstundes som ho også er relevant for alle som er interesserte i stillinga til nynorsk i skulen.

Boka er redigert av Synnøve Skjong og Bente Kolberg Jansson, og kom ut i 2011.
Les meir [10.10.2014]
Nynorsk på nytt
Denne boka er skriven med tanke på lærarstudentar og lærarar og er meint å vera ei hjelp til opplæring i nynorsk som sidemål. I første delen av boka er det gjort greie for forsking, tiltak og forsøk innanfor sidemålsopplæring og korleis desse kan vere med på å skape eit språkvennleg miljø i klasserom og samfunn. Andre del av boka handlar om korleis det kan bli meir moro og mindre mas i nynorskundervisninga. Denne delen er meint å vere ein idebank for måtar å arbeide med nynorsk som sidemål på.

Nynorsk på nytt er skriven av Norunn Askeland og Cecilie Falck-Ytter, og kom ut i 2009.
Les meir [09.10.2014]
Rett og godt. Handbok i nynorskundervisning
Denne handboka i nynorskundervisning er tredelt. I første del av boka får du argument og metodar du kan bruke for å motivere unge i nynorskopplæringa. Den andre delen av boka er ein lettfatteleg presentasjon av nynorsk rettskriving og formverk. Siste del av boka er eit oppslagsverk over ulike grammatiske kategoriar. Boka er skriven av Jan Olav Fretland og Aud Søyland.
Les meir [21.05.2014]
Praktisk nynorsk for lærarstudentar
Denne boka gir ei lettfatteleg innføring i nynorsk setningsbygnad, ordval og grammatikk. Både studentar som har hatt nynorsk som sidemål og andre som vil friske opp kompetansen sin i nynorsk, har nytte av boka. Boka gir ei innføring i nynorsk rettskriving og bøyingssystem som er i samsvar med normeringa etter 1.8.2012 og nyttar terminologi frå «Grammatiske termer til bruk i skoleverket. Tilråding frå Norsk språkråd og Utdanningsdirektoratet. Mai 2005».
Aud Søyland og Olaf Almenningen er forfattarar av boka.
Les meir [16.04.2014]
Nynorsk i bruk
Nynorsk i bruk inneheld ulike artiklar som fokuserer på det nynorske skriftspråket. Heftet er ein del av rettleiings-materiellet Lesing er … frå Lesesenteret.

Nokre artiklar har kanskje størst interesse for dei som underviser elevar som har nynorsk som hovudmål, medan andre artiklar kan ha element som gir størst interesse for dei som har elevar som har nynorsk som sidemål. Dei som står bak heftet ynskjer å lyfta fram nynorsk for alle elevar: «I og med at nynorsk er eit mindretalsspråk er det nødvendig å løfta fram språket. Nynorsk er ein del av det språklege mangfaldet som elevane både skal vera trygge på og vera medvitne om. Med dette heftet prøver me nettopp å løfta fram det nynorske skriftspråket for alle elevar.»

Nynorsk i bruk er redigert av Anne Håland og kom ut i 2010.
Les meir [09.10.2012]
Didaktiske perspektiv på nynorskopplæring
Den fyrste boka i skriftserien til Nynorsksenteret gjev ulike didaktiske inngangar til nynorskopplæringa. Boka inneheld alle innlegga frå konferansen «Nynorsk i opplæringa», som vart skipa til i samband med opninga av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i mars 2005. Interesse for og kunnskap om nynorsk og didaktikk pregar dei fleste tekstene, men her er òg grunnleggjande tekster med eit meir allment perspektiv på verdien av å bruke og ta vare på dei språka som finst. Boka er den fyrste i skriftserien til Nynorsksenteret.

Boka er redigert av Anne Steinsvik Nordal og kom ut i 2005.
Les meir [08.10.2012]
Betre nynorskundervisning
Erfaringar frå og innspel til undervisning i nynorsk som hovudmål og sidemål. Lærarar og forskarar formidlar erfaringar og tips til nynorskopplæringa, og kjem med innspel til diskusjon om vedtekne sanningar. Boka inneheld innlegg frå konferansen «Betre nynorskundervisning», som vart skipa til i mai 2006.

Boka er redigert av Anne Steinsvik Nordal, og kom ut i 2007.
Les meir [08.10.2012]
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 27.02.2013

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)