Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Nytt om FoU /

Nytt om forsking og utviklingsarbeid

«Mange vegar til målet»
Sluttrapporten etter Tiltaksplanen 2009-2013 «Mange vegar til målet», er no offentleg tilgjengeleg for alle interesserte. Han tek føre seg alternative måtar ein som lærar kan drive nynorskopplæring.
Les meir [29.10.2013]
Nynorsk som fagspråk
Språk lærer ein best ved å ta det i bruk i ulike samanhengar. Kva med å lære nynorsk som sidemål ved å bruke det i andre fag enn norsk? Dette er utgangspunktet for eit utviklingsprosjekt ved Stavanger katedralskole.
Les meir [20.06.2013]
Ny film: Med nynorsk inn i faget
Det er ei utfordring at mange elevar med bokmål som opplæringsmål møter lite nynorsk i kvardagen. Ei løysing på denne utfordringa er å ha nynorske lærebøker i andre fag enn norsk.
Les meir [21.03.2013]
Tidleg start
Barn er nysgjerrige på språk, og gjennom å snakke om, leike med og prøve ut nye språkvariantar utviklar dei både språkkompetanse og språkleg medvit. I denne samanhengen er arbeidet med dei to norske målformene ein ressurs.
Les meir [04.02.2013]
Frå Oslo til Vesaas
I desember 2011 viste Elvebakken videregående skole utstillinga «Frå Oslo til Vesaas» på Litteraturhuset i Oslo. Elevar, foreldre og andre interesserte fekk sjå det endelege resultatet av eit stort tverrfagleg prosjekt der 90 elevar ved vg3 mediefag hadde tolka Fuglane av Tarjei Vesaas.
Les meir [19.03.2012]
Tidleg start med nynorsk når bokmål er hovudmålet
Barn er nysgjerrige, og ved å snakke om, leike med og prøve ut nye språkvariantar utviklar dei språkkompetansen.
Les meir [26.01.2012]
Korleis opne eit Kinderegg
I ein 9. klasse ved Seljord ungdomsskule er det musestille når «lesedrikken» blir servert i store krus. Elevane har kokt kakao, nokre har med heimebakte bollar, dei har krølla seg godt til, og dei har funne fram ullpledd. Det er tid for høgtlesing av eit nytt kapittel i den nye nynorske ungdomsromanen dei held på å skrive.
Les meir [19.05.2011]
Med nynorsk til betre skriving
«Med nynorsk til betre skriving – med skriving til betre læring» er arbeidstittelen på eit prosjekt med skriving i fleire fag ved Ulstein vidaregåande skule. Læreplanane i Kunnskapslyftet legg vekt på skriving som ei av fem grunnleggjande ferdigheiter i alle fag.
Les meir [06.01.2011]
Leselyst og skriveglede i Bergen
6. oktober held Nynorsksenteret samling for elleve FoU-skular med nynorsk som hovudmål. Felles for alle prosjekta er at dei har med lesing å gjere. Som ei ekstra drahjelp i starten av prosjektperioden har vi invitert fire dagsaktuelle nynorskforfattarar til å snakke om leselyst og skriveglede.
Les meir [29.09.2010]
Vellukka seminar om nynorsk i barnehagen
Tysdag 21. september arrangerte Nynorsksenteret seminar i Bergen for barnehagane som er med i prosjektet «Nynorsk i barnehagen». Målet for dagen var å gi deltakarane nokre faglege innspel og motivasjon til å utvikle eigne prosjekt for lesing og språkstimulering på nynorsk.
Les meir [29.09.2010]
Arbeidsseminar om å skrive for ulike føremål
Den 27.–28. september møttest representantar frå fleire av samarbeidsskulane til Nynorsksenteret til arbeidsseminar i Volda. Innleiarar var førsteamanuensis Marianne Ødegaard frå Naturfagsenteret og professor dr.art. Torlaug Løkensgard Hoel frå PLU ved NTNU.
Les meir [29.09.2010]
Nynorsken inn med mjølkekartongen
Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund med sine fire hundre elevar er bokmålsskolen som har gjort nynorsk til flaggsak. I mange år har skolen halde på med på eit prosjekt med lærebøker på nynorsk i RLE. No utvidar dei tilbodet til òg å gjelde samfunnsfag.
Les meir [16.09.2010]
Sjølvsagt les og skriv vi nynorsk!
På Volda ungdomsskule har dei nettopp avslutta prosjektet «Sjølvsagt les og skriv vi nynorsk», eit prosjekt støtta av Nynorsksenteret. Målet har vore å styrkje nynorsk som skriftspråk i norskundervisninga, og resultata frå den såkalla «Voldamodellen» er heilt klart positive.
Les meir [10.09.2010]
Nynorsk i lærarutdanninga
Synnøve Skjong (biletet) og Inger Vederhus ved Høgskolen i Oslo har drive prosjektet Nynorsk i lærarutdanninga, vurdering av eit opplegg knytt til skrivemappe på nynorsk. Nynorsksenteret har laga ei samleside med rapportar og artiklar om prosjektet.
Les meir [30.10.2008]
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 15.08.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: nynorsksenteret@hivolda.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)