Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Samarbeidsprosjekt /

Nynorske lesefrø

Med prosjektet Nynorske lesefrø vil vi legge til rette for bruk av nynorsk litteratur som utgangspunkt for språkstimulering i barnehagen. Prosjektet er basert på erfaringane frå Lesefrøsatsinga som vart gjennomført av Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforskning og ABM-utvikling. Nynorsksenteret ynskjer å utvikle liknande arbeidsmåtar for språkstimulering på nynorsk.

Mål for prosjektet Å auke tilgangen på nynorsk litteratur i barnehagen som utgangspunkt for lesestunder og gode leseopplevingar for borna. Gjennom å etablere samarbeid mellom folkebiblioteket i kommunen og barnehagar i kommunen kan ein lette tilgangen på nynorsk litteratur for barnehagane og slik legge til rette for språkstimulering med vekt på nynorsk.

Omfang

Tidlegare har desse kommunane hatt Nynorske lesefrø-pilotprosjekt:

Fem nye kommunar starta opp Nynorske lesefrø hausten 2015:

I tillegg har Høgskulen i Sogn og Fjordane hatt nynorsk barnelitteratur som ei av dei store satsingsområda for barnehagelærarutdanninga. Vi tek med oss erfaringane derifrå i arbeidet med Nynorske lesefrø.

Kontaktpersonar

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 27.06.2016

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)