Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Samarbeidsprosjekt / Stavanger katedralskole /

Stavanger katedralskole

Stavanger kommune, Rogaland

 

Lærebøker og læringsressursar på nynorsk i andre fag enn norsk

Mål: Styrkje grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving og utvide språkkompetansen i norskfaget ved å arbeide med tekstar på nynorsk i andre fag enn norsk.

Omtale: Stavanger katedralskole nyttar lærebøker på nynorsk i to klasser i samfunnsfag på Vg1 og ei klasse i kjemi på Vg2 og på Vg3. Lærarane i samfunnsfag underviser også i norsk og kan difor lettare få til eit tverrfagleg perspektiv i prosjektet.

Læreboka i samfunnsfag blir brukt som ein nynorsk fagtekst som dei samlar ord og omgrep ifrå til ein felles omgrepsbank. Ved å samtale om faguttrykk og samanlikne omgrep på nynorsk og bokmål, får elevane eit stort ordtilfang til rådvelde på tvers av fag. Elevane arbeider ofte med læreboka i grupper der dei brukar varierte lesestrategiar som gjensidig undervisning, å lage spørsmål og svar til tekst og samarbeidslæring.

Foredrag med power point knytt til faglege emne presenterer elevane på nynorsk. I kjemi er opplegget mykje det same som i samfunnsfag, men med andre fagomgrep og andre skriftlege sjangrar.

Prosjektansvarlege

Kontaktperson ved Nynorsksenteret

Omfang: (4 klasser)
Prosjektperiode: Skuleåret 2013-2014

 

 

Oppdatert av Hjalmar Eiksund 04.02.2014

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)