Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Samarbeidsprosjekt / Torstad ungdomsskole /

Torstad ungdomsskole

Asker kommune, Akershus

 

Nye vegar til betre nynorsk

Mål: Styrke dugleiken i nynorsk gjennom munnlege tekstar, fagskriving og skjønnlitterær skriving

Omtale: Fleirårig sidemålsprosjekt for heile ungdomstrinnet på skulen. Prosjektet har som mål å styrke nynorskdugleiken mellom elevane ved å skape mange positive språkmøte med nynorsk og å gjere nynorsk til bruksspråk i norsk og andre fag. Nokre av tiltaka er: Teaterverkstad i samarbeid med det norske teatret, der ein arbeider med å skrive og framføre nynorske tekstar. Skriving på tvers av fag på nynorsk, som inkluderer kurs for lærarane og bruk av undervisningsmateriell på nynorsk i andre fag enn norsk. Skriveverkstad i skjønnlitterær skriving med avsluttande skrivekonkurranse.

Prosjektansvarleg

Magne Hasund [e-post]

Kontaktperson ved Nynorsksenteret

Gudrun Kløve Juuhl

Omfang: Heile ungdomstrinnet (18 klassar)
Prosjektperiode: Skuleåret 2013-2014 (sjå omtalen 2012-2013)

(nettsida til Torstad ungdomsskole)

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 02.11.2015

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)