Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Samarbeidsprosjekt / Tidleg start /

Utlysing: Prosjektmidlar for 2014-2015

Tidleg start med nynorsk som sidemål

Nynorsksenteret lyser ut midlar til utviklingsarbeid for komande skoleår.

Søknadsfrist: 15. juni 2014
Målgruppe: Skolar med elevar på 5.-7. trinn der bokmål er opplæringsmål

Bakgrunn

Ifølgje læreplanen i norsk skal alle elevar på 5.-7. trinn no «eksperimentere med skriving av enkle tekster på sidemål». For mange elevar med bokmål som opplæringsmål blir dette det første møtet med nynorske tekstar i skolen. Måten dette møtet skjer på kan vere avgjerande for kva forhold elevane får, både til norskfaget og til nynorsk seinare i skoleløpet.

Nynorsksenteret samarbeider med skolar over heile landet for å fremje god nynorskopplæring på alle trinn, uavhengig av om nynorsk er hovudmål eller sidemål. I denne omgang ønskjer vi å kome i kontakt med

Kva tilbyr Nynorsksenteret?

Nynorsksenteret ønskjer at kvar skole har ein fagperson som tar ansvar for gjennomføringa av det lokale utviklingsarbeidet. I samband med dette dekkjer Nynorsksenteret

Vi ser føre oss å samle skolane som er med på satsinga til eit oppstartseminar hausten 2014. I tillegg kjem vi til å følgje opp pr telefon og e-post og med besøk på samarbeidsskulane minst ein gong kvart semester. Det vil bli laga ein eigen mal for halvårleg rapportering.

Korleis søkje midlar?

Send ein søknad som vedlegg til e-post til post@nynorsksenteret.no, der det tydeleg går fram

I første omgang treng de ikkje lage noko samla budsjett for utviklingsarbeidet. Vi vil i etterkant drøfte dei økonomiske rammene med dei skolane som blir valde ut til å ta del.

Søknadsfrist er 15. juni 2014. Merk e-posten med «Tidleg start».

Les meir

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 03.09.2015

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)