Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Om senteret / Klart vi les! /

Klart vi les! Nynorsk barnebokturné

I veke 43 i haust er det tid for Klart vi les! 2017 i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Denne gongen har vi med oss forfattar og illustratør Anna R. Folkestad.

Påmelding og meir informasjon finn du på sida til Aasen-tunet.

Klart vi les! er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet, Nynorsksenteret og fylkesbiblioteka i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Turnéen vart arrangert for første gong i 2012, då under namnet Nynorsk barneveke. I 2014 fekk han namnet som vi kjenner i dag, Klart vi les! Nynorsk barnebokturné, og i år er det sjette gong turnéen vert arrangert.

Klart vi les! Nynorsk barnebokturné skal gje tilsette i skule og barnehage auka kompetanse om nynorsk litteratur og litteraturformidling til born. Vi ynskjer å stimulere til medvit om språkbruk og lyfte fram den nynorske barnelitteraturen gjennom besøk til bibliotek, skular og barnehagar rundt om i fylka i følgje med forfattar og formidlarar.

For at born skal bli gode lesarar, må ein lese mykje for og med dei. For at born skal bli gode skrivarar, må dei kjenne språket i den målforma dei brukar. Det kjem ut langt færre nynorskbøker enn bokmålsbøker, og difor er det særleg viktig at dei som jobbar med born får kjennskap til dei.

Klart vi les! vil bidra med kunnskap om kva som finst av nynorsk barnelitteratur, kvifor det er viktig å gje born tilgang til desse bøkene og korleis ein kan formidle litteratur på ein god måte. Turnéen vil slik vere eit bidrag til at born og unge i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane lettare får tilgang til litteratur på sitt eige språk, både heime, i barnehagar, i skular og i biblioteka.

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 18.09.2017

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)