Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Om senteret / Lærarutdanning /

Nettverk for nynorsk i lærarutdanninga

Nynorsksenteret har på bakgrunn av brev av 17.12.2014 frå Kunnskapsdepartementet til alle grunnskulelærarutdanningane invitert til å etablere Nettverk for nynorsk i lærarutdanninga. Dei fleste grunnskulelærarutdanningane har no oppnemnt to deltakarar kvar til nettverket.

Deltakarar i nettverket (Excel-dokument) | Mandat for nettverket

I brevet av 17.12.2014 skriv Kunnskapsdepartementet:

«Rammeplanene beskriver læringsutbyttet for GLU-programmene. Institusjonen har ansvar for å dokumentere at kandidatene har oppnådd det fastsatte læringsutbyttet. Kunnskapsdepartementet forventer derfor at institusjonene nøye vurderer egen institusjons praksis opp mot kritikken fra PROBA-rapporten og Følgegruppen, og setter i verk nødvendige tiltak slik at det blant annet er nødvendig helhetlig ledelse av utdanningene. Institusjonene må selv vurdere behov for nasjonalt samarbeid for utvikle gode vurderingsformer som sikrer god dokumentasjon.»

Nynorsksenteret har teke initiativ til å danne dette nettverket fordi vi trur at vi kan vere ei støtte i lærarutdanningane sitt arbeid med å sikre nynorskkompetansen til komande lærarar. Første samling i nettverket var i Bergen 20. oktober 2015 på Scandic Bergen City. Dette seminaret var meint å vere starten på nettverket og ei erfaringsutveksling om nynorsk i lærarutdanningane.

Har du spørsmål om nettverket, ta kontakt med Reidun Kydland (reidun@nynorsksenteret.no) eller Marit Wadsten (marit@nynorsksenteret.no).

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 09.01.2017

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)