Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Kurs og konferansar | Forsking og utvikling | Om oss

Om senteret / Nyhende /

Nyhendearkiv

Klart eg les!
I Nynorskopplæring nummer 18 kan de møta forfattarane Erna Osland, Terje Torkildsen, Anna R. Folkestad, Bjørn Sortland og Bente Bratlund.
Les meir [07.05.2013]
Ny film: Med nynorsk inn i faget
Det er ei utfordring at mange elevar med bokmål som opplæringsmål møter lite nynorsk i kvardagen. Ei løysing på denne utfordringa er å ha nynorske lærebøker i andre fag enn norsk.
Les meir [21.03.2013]
Tidleg start
Barn er nysgjerrige på språk, og gjennom å snakke om, leike med og prøve ut nye språkvariantar utviklar dei både språkkompetanse og språkleg medvit. I denne samanhengen er arbeidet med dei to norske målformene ein ressurs.
Les meir [04.02.2013]
Tospråk og danning
På konferansesida ligg no innlegga frå konferansen «Tospråk og danning» som både tekst og video. Heftet med innlegga går snart ut til alle som abonnerer på bladet Nynorskopplæring.
Les meir [15.01.2013]
Bibliotek i skule og barnehage
No er det nye nummeret av bladet vårt ferdig. I dette nummeret, som har temaet bibliotek i skule og barnehage, kan de lesa om bokbad i barnehagen, skulebibliotekutvikling og å integrera skulebiblioteket i den daglege undervisninga.
Les meir [20.11.2012]
Nyskriven song om vekedagane
Nynorsksenteret lanserer no ein song om alle dagane i veka. Teksten er skriven av Hilde Myklebust, Martine Grande har illustrert, og Heidi Marie Vestrheim har laga og spelt inn melodien.
Les meir [12.10.2012]
Nynorsk barnebokveke 15. til 18. oktober
La forfattaren Bjørn Sortland og formidlaren Janne Karin Støylen inspirere deg og vise deg ny nynorsk barnelitteratur for ulike aldersgrupper.
Les meir [21.09.2012]
Nynorskkonferansen 2012
25.–26. oktober skipar Nynorsksenteret og Språkrådet til konferansen Tospråk og danning – revisjonen av norsklæreplanen i eit fleirspråkperspektiv.
Les meir [10.08.2012]
Nytt nummer av bladet
No er det nye nummeret av bladet vårt ferdig. I dette nummeret, som har temaet sidemål, kan de lesa om nynorskopplæring ved hjelp av høgtlesing, kjemi, musikalar, lesestunder og mykje anna.
Les meir [18.06.2012]
Aktivitetsark
På vevsidene «Nynorsk for dei minste» finn du no mange nye aktivitetsark med rim, biletlotto og fargelegging. Motiva er henta frå forteljingane om Berte og Iver.
Les meir [24.05.2012]
Frå Oslo til Vesaas
I desember 2011 viste Elvebakken videregående skole utstillinga «Frå Oslo til Vesaas» på Litteraturhuset i Oslo. Elevar, foreldre og andre interesserte fekk sjå det endelege resultatet av eit stort tverrfagleg prosjekt der 90 elevar ved vg3 mediefag hadde tolka Fuglane av Tarjei Vesaas.
Les meir [19.03.2012]
Nytt nummer av bladet vårt
No er det nye nummeret av bladet vårt ferdig. I dette nummeret, som har temaet skriving, kan de lesa om tidleg start, fagskriving, språkleg tryggleik og mykje anna.
Les meir [15.02.2012]
Tidleg start med nynorsk når bokmål er hovudmålet
Barn er nysgjerrige, og ved å snakke om, leike med og prøve ut nye språkvariantar utviklar dei språkkompetansen.
Les meir [26.01.2012]
Leiarskifte ved Nynorsksenteret
Torgeir Dimmen (54) er tilsett som ny leiar frå 1. januar 2012. Han kjem frå ei undervisningsstilling ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, og har tidlegare også undervist i nordisk og mediefag ved lærarutdanninga. Han har også vore informasjonsleiar ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta.
Les meir [04.01.2012]
Berte og Iver: Aktivitetssider for born
No lanserer Nynorsksenteret nettstaden Berte og Iver, ei storsatsing på nynorsk språkstimulering for born. Nettsidene inneheld spel, filmar og aktivitetar for dei eldste i barnehagen og dei yngste i barneskulen.
Les meir [14.11.2011]
Berte og Iver og månen
Berte og Iver finn på mykje rart i lag. Og så har dei ein løyndom: Dei kan reisa kvar dei vil. Denne hausten har alle barnehagane i landet fått kvart sitt eksemplar av forteljinga Berte og Iver og månen. De kan lesa forteljinga på Nynorsk for dei minste-sidene.
Les meir [28.10.2011]
Nynorskopplæring nr. 12
No har nummer 12 av bladet Nynorskopplæring kome ut. I dette nummeret, som har temaet grammatikkopplæring, kan du lesa om alt frå omgrepslæring i barnebøker til bruk av brotsmannskvad i grammatikkopplæringa i den vidaregåande skulen.
Les meir [04.10.2011]
Undervisningsfilm: Fagskriving i grunnskulen
Korleis ser du ut når du søv? Søv du lett eller tungt, på magen eller på ryggen? Utforsking av eige søvnmønster var ei av fleire oppgåver som stod på timeplanen då elevane ved Dingemoen skule i Fjaler kommune fekk besøk av dokkeskodespelar Adele Duus og forfattar Erna Osland.
Les meir [28.06.2011]
Flekkmonsteret som animert film
Nynorsk for dei minste-sidene kan du no sjå filmen Flekkmonsteret bygger harefelle. Animatøren Martine Grande har kombinert lydboka om Flekkmonsteret, illustrasjonane til Per Dybvig og små animasjonar ho har laga sjølv. Resultatet ligg ein stad mellom biletforteljing og animasjonsfilm.
Les meir [26.05.2011]
Korleis opne eit Kinderegg
I ein 9. klasse ved Seljord ungdomsskule er det musestille når «lesedrikken» blir servert i store krus. Elevane har kokt kakao, nokre har med heimebakte bollar, dei har krølla seg godt til, og dei har funne fram ullpledd. Det er tid for høgtlesing av eit nytt kapittel i den nye nynorske ungdomsromanen dei held på å skrive.
Les meir [19.05.2011]
Nynorskkurs i teikneserieform
«Nynorsk på 1-2-3» er eit nytt nynorskkurs i teikneserieform. Kurset inneheld tre frittståande teikneseriesider med eitt tema på kvar side: Verb, substantiv og rett ord til rett tid. Teikneserien er teikna av Kristoffer S. Mathisen, med manus av Ingrid Slettevoll og Arild Torvund Olsen.
Les meir [16.03.2011]
Skriving som grunnleggjande ferdigheit
Å skrive er ei grunnleggjande ferdigheit i alle fag. Å skrive rapport er ein heilt annan sjanger og krev heilt andre kunnskapar om korleis ein framstiller ein tekst, enn å skrive ei fabulerande forteljing. No kan Nynorsksenteret tilby eit nytt kurs for lærarar i alle fag på mellom- og ungdomssteget.
Les meir [20.01.2011]
Nynorskopplæring nr. 10: Musikk og språk
No er nummer 10 av bladet Nynorskopplæring på veg til abonnentane. I dette nummeret, som har temaet musikk og språk, kan du lesa om alt frå bruk av rapp-tekstar i skulen til samanhengen mellom komponering og tidleg lese- og skriveopplæring.
Les meir [13.01.2011]
Magisk grammatikk
Bratteberg skule har gjort det. Det same har Volda vidaregåande, Godøy skule, Velle skule og fleire andre institusjonar rundt omkring i Noreg: Dei har alle sett opp musikalen «Grammatikk og kjærleik», som er basert på livet til Ivar Aasen.
Les meir [06.01.2011]
Spelelister med nynorskmusikk
Leitar du etter songar til bruk i nynorskundervisninga? Skulle du gjerne­ hatt tak i tonesetjingar av til dømes Olav H. Hauge-dikt til bruk i litteraturtimane?­ Eller er du på jakt etter nynorske barnesongar? No er det hjelp å få!
Les meir [06.01.2011]
Med nynorsk til betre skriving
«Med nynorsk til betre skriving – med skriving til betre læring» er arbeidstittelen på eit prosjekt med skriving i fleire fag ved Ulstein vidaregåande skule. Læreplanane i Kunnskapslyftet legg vekt på skriving som ei av fem grunnleggjande ferdigheiter i alle fag.
Les meir [06.01.2011]
Neste nummer av bladet
Snart er eit nytt nummer av bladet Nynorskopplæring ferdig. I dette nummeret, som har temaet musikk, kan du lesa om alt frå bruk av rap-tekstar i skulen til samanhengen mellom komponering og tidleg lese- og skriveopplæring.
Les meir [18.11.2010]
Åtte innspel for ei nynorsk språkstimulering i barnehagen
Ingeborg Mjør på Høgskolen i Bergen har laga ei liste med åtte innspel til korleis ein kan gje borna nynorsk språkstimulering i barnehagen. Lista finst òg som plakat.
Les meir [09.11.2010]
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 10.12.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: nynorsksenteret@hivolda.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)