Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Om senteret / Nyhende /

Tverrfagleg nynorsk for bokmålselevar

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa set i gang fleire forsøk med å bruke lærebøker på nynorsk for elevar som har bokmål som hovudmål. Fem vidaregåande skular og to ungdomsskular rundt om i landet har fått støtte til å setje i gang slike forsøk. Forsøka vert sette i gang for å styrkje nynorskopplæringa i undervisninga utanom norskfaget.

Det er vidaregåande skular i Sirdal i Vest-Agder, Greåker i Østfold og Tromsdalen og Breivika i Troms som er med på forsøka. I tillegg Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund og Gausdal ungdomsskole i Oppland.

Den nye læreplanen som skal gjelde for heile grunnopplæringa, frå første til og med trettande klasse, legg vekt på at tverrfagleg skriving skal stimulerast. Også i dei nasjonale prøvene som er under utprøving, er skriving i alle fag vektlagt. Gjennom dette forsøket er det målet å styrkje både den faglege skrivinga og sidemålsopplæringa i nynorsk.

Forsøket som desse skulane no er i gang med går ut på at elevane får nye lærebøker på nynorsk i eit anna fag enn norsk, til dømes KRL eller samfunnsfag. I dette faget skal all skriving gå føre seg på nynorsk, lærarane skal også skrive nynorsk i undervisninga i faget og elevane har nynorsk som arbeidsspråk. Elevane produserer minst tre arbeid i faget der alt som er skrive skal vere på nynorsk. Det er utarbeidd ein språktest som elevane skal ta om hausten når dei byrjar med forsøket, og ein test for slutten av skuleåret for å sjå om dei har vorte flinkare å skrive nynorsk.

Vurderinga av språktestane og samanlikning av resultata vert gjort av ein utanforståande forskar som granskar alle forsøka. Lærarane skriv rapportar om korleis forsøket har fungert, og kva metodar og læremiddel dei har brukt. Med desse forsøka ventar ein å få erfaring med og dokumentasjon for korleis sidemålsundervisninga kan styrkjast på ein ny måte.

For meir informasjon, kontakt Anne Steinsvik Nordal på Nynorsksenteret:
telefon 7007 5197, e-post: ano@hivolda.no

Publisert: 03.10.2005 14:40 av Arild Torvund Olsen

« Tilbake
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 10.12.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)