Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Om senteret / Nynorske lesegledarar /

Nynorske lesegledarar
i Sogn og Fjordane

Kva er ein lesegledar?
Ein lesegledar er ein bokelskar som gjerne vil gi andre gode leseopplevingar. Oppdraget for ein lesegledar ligg i namnet: Målet er å vekkje leselyst og leseglede hos barn og unge ved å opne bøker for dei, slik at dei unge sjølv kan finne ei bok som passar. Dei har eit spesielt godt overblikk over ny nynorsk litteratur.

Lesegledarane byr på ny nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Dei har oversikt over svært mange bøker, både dei som er artige, kloke, medrivande og koselege. Nokre er spesielt glade i biletbøker, medan andre gjerne vil lese spenningsbøker.

I Sogn og Fjordane finst det i dag ti aktive lesegledarar. Mange av lesegledarane er utdanna bibliotekar eller lærar, men ikkje alle. Alle ti har uansett eit kjærleiksforhold til bøker og eit sterkt ønske om å motivere andre til å lese. Dei har gått på kurs gjennom Nynorsksenteret og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek.

Vil du ha besøk av ein lesegledar?

Lesegledarane kan kome til barnehagen eller klasserommet, til foreldremøte eller lærarmøte – eller til andre typar samlingar der ein ønskjer å møte bøker ein ikkje kjenner til frå før. Dei spesialiserer seg på aldersgrupper.

Enkelte vil helst formidle til foreldre og vaksne som jobbar med born.

Nokre reiser gjerne i heile fylket, medan andre føretrekkjer å vere i nærområdet sitt.

Korleis bestille?
Finn ein lesegledar som har ein meny som passar deg, og som dekkjer ditt geografiske område. Ta kontakt direkte med lesegledaren på telefon eller e-post, eller bruk skjemaet.

Skuleåret 2015/2016 betaler Nynorsksenteret og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek honoraret, så oppdragsgjevar betaler berre for reise og eventuelt kostgodtgjersle.

Barnehage

Småskulen

Mellomtrinnet

Ungdomstrinnet

Vaksne

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 17.02.2016

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)