Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Kurs og konferansar | Forsking og utvikling | Om oss
Om senteret / Om Nynorsksenteret /
Om Nynorsksenteret
Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) er eitt av ni nasjonale senter. Me er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa og barnehagen, og legg vekt på å utvikle metodar og arbeidsmåtar som kan vere med på å skape språkkompetanse og motivere for arbeid med nynorsk. Gode røynsler skal systematiserast, prøvast ut og spreiast gjennom kurs, seminar, skriftleg materiale og via vevsida vår. Senteret vart skipa 1. januar 2005.
Nynorsksenteret held til på Høgskulen i Volda. Senterleiaren vender seg til Utdanningsdirektoratet i faglege spørsmål og til høgskulen i administrative spørsmål.
| Oppdatert av Arild Torvund Olsen 19.04.2013 |
Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: nynorsksenteret@hivolda.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)