Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Skriftserien /

Skrifter frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Målet med skriftserien er å få fram meir faglitteratur med idear og erfaringar om korleis god nynorskundervisning kan vere, og kva som skal til for å lukkast betre med nynorskundervisninga. Bøkene er nyttige for lærarar på alle trinn, for lærarstudentar og for lærarutdannarar. I tillegg sjølvsagt for alle som er interesserte i at nye generasjonar skal få høve til å verte produktive i den nynorske skriftkulturen. Kjøp bøkene frå Nynorsksenteret ved å sende e-post til ror@hivolda.no.

Nr. 1: Didaktiske perspektiv på nynorskopplæring

180 sider
Pris: 150,- pluss porto
Redaktør: Anne Steinsvik Nordal
ISBN 82-7661-236-9
ISSN 0809-6759

Boka inneheld alle innlegga frå konferansen «Nynorsk i opplæringa», som vart skipa til i samband med opninga av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i mars 2005. Interesse for og kunnskap om nynorsk og didaktikk pregar dei fleste tekstene, men her er òg grunnleggjande tekster med eit meir allment perspektiv på verdien av å bruke og ta vare på dei språka som finst.

Innhald:

Nr. 2: Betre nynorskundervisning

88 sider
Pris: 150,- pluss porto
Redaktør: Anne Steinsvik Nordal
ISBN 978-82-7661-257-8
ISSN 0809-6759

Boka inneheld innlegg frå konferansen «Betre nynorskundervisning», som vart skipa til i mai 2006.

Innhald:

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 03.08.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)