Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ressursbase for skulen / Læreplan /

Grunnleggjande ferdigheiter

Med vekt på nynorsk

LeseÅ kunna lesa som grunnleggjande ferdigheit
SkriftlegÅ kunna skriva som grunnleggjande ferdigheit 
DigitaltDigitale ferdigheiter

Meir om grunnleggjande ferdigheiter

Læreplanen Kunnskapsløftet vert kalla ei literacy-reform. Literacy tyder bokstavleg lesekunne, men vert i denne samanhengen og i nyare forsking forstått som å meistra skriftkulturelle ferdigheiter som er sentrale i utdanning, arbeidsliv, demokratisk deltaking og for å meistra sitt eige liv som vaksen. Kunnskapsløftet har brote dette ned i fem grunnleggjande ferdigheiter:

MunnlegMunnlege ferdigheiter
DigitaltDigitale ferdigheiter
LeseÅ kunna lesa som grunnleggjande ferdigheit
RekningÅ kunna rekna som grunnleggjande ferdigheit
SkriftlegÅ kunna skriva som grunnleggjande ferdigheit

Utdanningsdirektoratet har utarbeidd eit rammeverk for grunnleggjande ferdigheiter, som definerer, skisserer og skildrar progresjon for kvar grunnleggjande ferdigheit. Læreplanane for faga skildrar korleis dei grunnleggjande ferdigheitene vert forstått og arbeidd med i kvart fag.

I rettleiinga til læreplanen i norsk kan du lesa ein tekst om strategiar for å styrkja lese- og skriveutvikling på nynorsk. Teksten står på slutten av kapittelet «Oversikt over strategier».

Alle ressursane til Nynorsksenteret er merkte med eit ikon som syner kva for grunnleggjande ferdigheiter dei legg vekt på. Nynorsksenteret arbeider særleg med skriving og lesing som grunnleggjande ferdigheiter, med vekt på nynorsk, i ulike skulefag.

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 15.04.2014

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)