Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ressursbase for skulen / Læreplan /

Skriving på nynorsk

Skrive av Gudrun Kløve Juuhl

Å skriva er både ein reiskap for å læra og ein del av det som skal lærast i faga. Vi skriv ulikt i samfunnsfag og naturfag, og vi skriv ulikt på nynorsk og bokmål. Ei brei, fagleg skriveopplæring kan i nokre samanhengar krevja ulike tilnærmingar alt etter om ein skriv på nynorsk eller bokmål.

Når elevar skriv om eit fagleg tema, er kjeldetekstane ressursar både når det gjeld fagleg innhald og språk. Å lesa fagstoffet på nynorsk før ein skal skriva ein tekst, vil vera til støtte for elevane si eiga skriving når dei skal skrive på fagets premissar. Dette gjeld både tekstbinding, syntaks og andre språklege utfordringar. Til dømes vert bruk av passivformer framheva som eit trekk ved naturfagleg skriving. Dette gjer ein ikkje likt på nynorsk og bokmål. Til dømes heiter det på bokmål «Sukker løses opp i vann», medan på nynorsk skriv vi anten «Sukker vert løyst opp i vatn» eller «sukker kan løysast opp i vatn».

Tekstlege førebilete for fagleg skriving på nynorsk kan vera modelltekstar og eksempeltekstar, og det kan vera faglege kjelder i tillegg til læreboka. Nettleksikon som Nynorsk wikipedia og Allkunne kan vera ei god hjelp, dessutan nettavisa Framtida, Magasinett og Tekstbasen til Nynorsksenteret. Mange elevar les og ser lite nynorsk rundt seg, difor må skulen gje nødvendig hjelp til å utvikla elevane sine språkkunnskapar og språklege tryggleik.

Skrivesenteret oppmodar om å skapa eit klasserom der ein diskuterer tekst og skriving. Det er eit godt utgangspunkt for klasseromssamtalar om nynorsk tekst og skriving. Å løfta fram elevspørsmål som «Korleis skriv vi dette på nynorsk?» og gjera det til emne for  faglege og språkfaglege klasseromssamtalar, aukar den språklege merksemda til elevane, og kan bidra til å utvikla eit felles blikk for tekst og språk.

Sjå film om korleis ein kan arbeida med lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter på nynorsk:

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 02.09.2016

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)