Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ressursbase for skulen / Minoritetsspråklege /

Nynorsk for minoritetsspråklege

Skjønnlitterær tekst i språkopplæringaSkjønnlitterær tekst i språkopplæringa (pdf)
Opplegg der eit kapittel frå boka Flukt vert nytta til å sjå på og lære om ulike språklege fenomen.

 

Nynorsk litteratur i vaksenopplæringaNynorsk litteratur i vaksenopplæringa (pdf)
Bokpresentasjonar for tilsette i vaksenopplæringa. Lista inneheld eit breitt utval av nynorske bøker som kan høve for vaksne innvandrarar. Her finn du alt frå biletbøker til bøker med mykje tekst, med både kvardagslege og meir filosofiske tema.

 

Nynorsk arbeidsgrammatikk for minoritetsspråklege
Denne gratis arbeidsgrammatikken er ei enkel innføring i nynorsk grammatikk for minoritetsspråklege, med både teori, forklaringar og arbeidsoppgåver. Han vender seg særleg til ungdommar og vaksne minoritetsspråklege som ønskjer å lære nynorsk, og som har ein viss skulebakgrunn frå heimlandet.

 

Nynorsk over alle grenserNynorsk over alle grenser (pdf)
Nynorsk over alle grenser gjev ei innføring i særtrekk ved nynorsk rettskriving. Oppgåvene er laga av Torill Tørjesen og Pål Wiik, som har mange års røynsle som norsklærarar på Holmlia i Oslo.

 

Nynorske læreverk for minoritetsspråklege
Eit oversyn over kva læreverk som finst på nynorsk for minoritetsspråklege i grunnskulen og vaksenopplæringa.

 

Klart & kort
Den lettlesne avisa Klart & kort høver godt for ungdommar og vaksne, og har litt større skrift og enklare språk enn andre aviser. Det er gratis å laste ned og skrive ut avisa.

 
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 07.04.2016

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)