Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Jakob og Neikob
Jakob seier alltid «ja». Neikob seier alltid «nei». Animatøren Martine Grande har laga teiknefilm av barneboka Jakob og Neikob av Kari Stai. Du finn heile filmen her på sida.
Kråkebollebilly
Animasjonsfilmen om Kråkebollebilly er inspirert av eit dikt av Marit Tusvik. Filmen er eit godt utgangspunkt for å leika seg med å laga nye ord. Du finn både diktet og filmen her på sida.
Flekkmonsteret bygger harefelle
Animatøren Martine Grande har kombinert lydboka om Flekkmonsteret, illustrasjonane til Per Dybvig og små animasjonar ho har laga sjølv. Resultatet ligg ein stad mellom biletforteljing og animasjonsfilm.
Kva er regnet?
Animatøren Martine Grande har animert barneteikningar laga til diktet «Kva er regnet?» av Oskar Stein Bjørlykke.
Bjørnen og reven«Bjørnen og reven» av Anders Kvåle Rue er ein to sider lang teikneserie basert på eit norsk folkeeventyr.
HannaHanna av Håkon Aasnes er ein serie for dei yngste. Serien går fast i Norsk Barneblad. På teikneseriesidene finn du to sider av serien.
JaktJakt av Jorunn Hanto-Haugse er ein tre sider lang teikneserie om ein kvit huskatt som byrjar jakta på ein fugl.
Kveldssong for deg og megKveldssong for deg og meg av Tore Strand Olsen er ein teikneserieversjon av Ragnar Hovland-diktet med same namn («Grisen står og hyler»).
MinstMinst av Øystein Ottesen er ein søt serie om ein gut med ein gullfisk. På teikneseriesidene finn du fire striper av serien.
Nokon heiter jobbenNokon heiter jobben av Jorunn Hanto-Haugse er ei teikneserietolking av Solfrid Sivertsen-diktet med same namn.
På aktivitetssidene Berte og Iver kan borna utforske rom, spele spel, leike seg med språket, sjå animasjonsfilmar og mykje meir.
Vevsida er laga av Nynorsksenteret.