Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Berte og Iver og månen av Martine Grande
Berte og Iver synest det er kjekt å reise på oppdagingsferd. Saman dreg dei til månen for å finne ut om Månemannen finst.
Neppe av Annlaug Auestad
Neppe og Nisse er gode vener. Men kvar er Nisse? Neppe må ut og leite etter han. På vegen får han hjelp av Nasse, Nøtte og andre.
Kuvenninnene av Annlaug Auestad
Gullhorn, Bjøllekua, Kånni, Berta og Jorun er gode vener, heilt til dei byrjar raute om kven som er best. Då vert det spetakkel på jordet.
Tekstar om ulike tema
Her finn de ei tematisk lesetipsliste over nyare nynorske bøker som passar for born rundt skulestartalder. Tema er delte inn i seks tematiske sekker: natur; vitskap og filosofi; skule og fritid; leik og fantasi; relasjonar; språk.
Barnebøker på Nynorskbok.no
På Nynorskbok.no kan lærarar, barnehagetilsette og andre finne omtalar av nye, gode nynorske bøker og teikneseriar som høver for ulike aldersgrupper.

| Anna R. Folkestad: Henrik And | ||
| «Dette er Henrik And. Ei heilt vanleg and med ein heilt vanleg draum. Han vil vera noko anna.» Slik opnar debutant Anna R. Folkestad biletboka om Henrik And. [ Les meir ] - 20.02.2012 | ||
| Teresa Grøtan: Klara kan â mykje rart om klede | ||
| Klara finn ut at klede er laga av dei merkelegaste ting: plastflasker, ormespytt, bambus, brennesle, bananar, kaffi, korn og mjølk. Det dumme er at røynda av og til kan vere så merkeleg, at vennene hennar ikkje trur på alt ho seier. [ Les meir ] - 16.01.2012 | ||
| Camilla Lundsten: Veslefantens reknebok | ||
| Veslefanten er ein liten raud elefant som er hovudperson i ein serie småbarnsbøker. Veslefantens reknebok er ikkje ei vanleg historie om Veslefanten, men fungerer som ei aktivitetsbok som tek for seg tala frå 1 til 10. [ Les meir ] - 06.01.2012 | ||
Vevsida er laga av Nynorsksenteret.