Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ressursbase for skulen / Nynorsk programvare /

Nynorsk programvare

Er du blant dei som stadig opplever at datamaskinen rettar på språket ditt, sjølv om du veit du skriv rett nynorsk? Opplever du at teksthandsamaren din trur du skriv bokmål trass i at du har skifta til nynorsk i ordlista gong på gong? Det går i dag an å gjere PC-en så godt som nynorsk. Her finn du korleis du kan gjere denne omstillinga i tre enkle grep.

  1. Overstyr førehandsinnstillingane i operativsystemet
    For dei fleste windows-datamaskinar er innstillingane til operativsystemet på førehand sett til bokmål. Dette må du endre først.
    1. Trykk på Start og opne Kontrollpanelet.
    2. Finn så fram til Innstillinger for region og språk. Har du kontrollpanelet innstilt på kategorivising, må du gå omvegen om Dato, klokkeslett, språk og regionale innstillinger.
    3. Endre først dei regionale innstillingane til Nynorsk. Deretter opnar du fana Språk og trykkjer Detaljer og bytter Inndataspråket til Nynorsk. No vil retteprogrammet til MS-Word først prøve ut om du skriv Nynorsk. Dersom du ønskjer å bytte mellom ulike språk, kan velje å la språklinja vere synleg på skrivebordet. Ho hjelper deg å skifte inndataspråk.
       
  2. Endre språkbunaden til sjølve operativsystemet
    Når inndataspråket er endra, kjem turen til menyar og hjelpeboksar. Microsoft har eigne språkpakkar til nedlasting for både Windows XP, Windows Vista og Windows 7. Installasjonen tek ei stund, men er rimeleg sjølvinstruerande.
     
  3. Vel nynorske alternativ når det finst
    Du finn gode gratisalternativ på nettet. Både kontorstøtteprogram og nettlesarar har nynorske alternativ. Her vil vi raskt presentere nokre av dei mest kjende:
    • Nettlesarar som norske Opera og Mozilla Firefox kan installerast med nynorsk grensesnitt. Mozilla har òg e-postlesaren Thunderbird som kan lastast ned i ein nynorsk variant.
    • Hos alle dei største læringsplattformene kan i dag brukarane sjølve velje menyspråket.
    • Nettsamfunn som Facebook er i dag lett å endre til nynorsk.
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 14.06.2013

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: nynorsksenteret@hivolda.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)