Nynorsksenteret
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda
Leiar:
Torgeir Dimmen
Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)
Telefaks: 70 07 50 51
Ressursbase for skulen / Opplegg og tips /
I praksis
I praksis: nynorsk som sidemål i grunnskulen
Ressurspakka i praksis: nynorsk som sidemål i grunnskulen er ei samling med over 20 kortfilmar. Filmane syner undervisningspraksis som er engasjerande og fagleg solid. Kvar film dokumenterer eit konkret undervisningsopplegg med didaktiske tips og meir overbyggjande idear rundt faget.
I praksis: lesing og skriving på tvers av fag
Ressurspakka i praksis: lesing og skriving på tvers av fag er ei samling med fire filmar om lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter. Filmane syner undervisning på ulike trinn i grunnskule og vidaregåande skule og i faga norsk, RLE, samfunnsfag, naturfag, matematikk, TIP/sveising og sosiologi og sosialantropologi.
I praksis: fagskriving i barneskulen
Filmen i praksis: fagskriving på barnesteget dokumenterer eit skriveprosjekt på Dingemoen skule i Fjaler kommune vårsemesteret 2011. Skulen har i lengre tid arbeidd systematisk med lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheit, og som eit ledd i denne satsinga blei forfattar Erna Osland og dokkespelar Adele Duus inviterte til skulen for å inspirere til fagskriving.
| Oppdatert av Arild Torvund Olsen 06.02.2012 |