Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ressursbase for skulen /

Utforskande samtalar om språk

av Ingrid Slettevoll, Nynorsksenteret
Teikningar: Stig Bruksås

Dialogisk undervisning er ei pedagogsisk tilnærming som fremjar læring. I ein slik læringssituasjon er læraren samtalepart meir enn dommar. For å skape eit utforskande læringsmiljø er det avgjerande at læraren har medvit om korleis han skal leie dialogiske samtalar. Kjennteikn på slike samtalar er autentiske spørsmål, opptak og høg verdsetjing (Dysthe 1995). I desse omgrepa ligg ei forståing av kor avgjerande rolle læraren spelar i det å gjere elevane nysgjerrige ved å stille opne spørsmål som utfordrar alle til å ta del. Deretter er det viktig at læraren viser at han verdset innspel frå elvane med å løfte fram det dei seier, eller ved å  utdjupe ytringane deira med nye spørsmål.

Språk er eit omfattande fagområde som alle har eit forhold til og dermed kan seie noko om. Læraren må la elevane få bygge på det dei kan, men han må også  utfordre dei til sjølve å stille spørsmål om språk. I ein slik utforskande samtale treng både lærar og elevar eit språk om språket. I Kunnskapsløftet kjem dette til uttrykk i kompetansemål i norsk om at elevane på vidaregåande skule skal kunne «bruke norskfaglige kunnskaper og begreper i samtaler om tekst og språk». Nynorsksenteret viser nokre eksempel på korleis læraren kan få til utforskande samtalar om språklege fenomen på nynorsk. Ved å ta i bruk teikneserien som didaktisk ressurs, prøver vi å modellere korleis vi ser for oss læraren i samtale med elevane sine. Men ein god lærar har alltid tenkt gjennom kva han vil problematisere for at elevane skal lære og veit korleis han kan skape læringssitusjonar der det å stille rette spørsmål er like viktig som å svare rett.

Var det ein gong?

Var det ein gong?

Teikneserie på to sider som syner ein språksamtale om orda gong og gang.
Sjå teikneserien (pdf).

Kva kjønn er meiningane dine?

Kva kjønn er meiningane dine?

Teikneserie på to sider som syner ein språksamtale om bøying av hokjønnsord.
Sjå teikneserien (pdf).

Litteratur om emnet:

Dysthe, O. (1995). Det flerstemmige klasserommet: skriving og samtale for å lære. Oslo: Gyldendal. Akademisk.

Matre, S. (2000). Samtaler mellom barn. Om utforsking, formidling og leik i dialogar. Oslo: Samlaget.

Christensen, H. og Stokke Seierstad. R. (red.) (2015). Samtalens didaktiske muligheter. Oslo: Gyldendal Akademisk.

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 22.01.2016

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)