Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ressursbase for skulen /

Bok i bruk: Rosas buss

Bok: Rosas buss av Fabrizio Silei og Maurizio A.C. Quarello
Aldersgruppe: Mellomsteget

Gjennom leseopplæringa skal elevane utvikle lesing som grunnleggande ferdigheit. Utviklinga går frå grunnleggjande avkoding og forståing av enkle tekstar til å kunne forstå, tolke, reflektere over og vurdere stadig meir komplekse tekstar i ulike sjangrar (læreplanen i norsk, s. 5). I dette opplegget arbeider ein i heil klasse med forståing, tolking og refleksjon over ein kompleks tekst med fleire lag av meining. Det er med på å modellere strategiar for elevane som dei kan bruke i møte med andre komplekse tekstar.

Førebuing

Bileta spelar ei viktig rolle i boka og er fine å vise på ein skjerm.

«Eg scanna bileta og laga ein presentasjon av dei. Det fungerte fint. Eg bestemte meg for å la elevane i hovudsak sitje på plassane sine med tomme pultar framfor seg. Det gav meir ro enn om dei var samla på golvet framfor i lyttekrokform.» (lærar i 7.klasse)

Lese boka høgt for elevane

Formidlar Janne Karin Støylen byrjar slik når ho les denne boka for elevar i 5.–7. klasse:

«Eg startar med å snakke om omslaget før eg les. Eg trur det er lurt å etablere nokre rammer for fiksjonen. Trur borna at denne forteljinga foregår i Noreg eller i eit anna land? Kva for eit land? Kva tid? Born frå femte klasse ressonnerer seg fram til USA og vår nære fortid ved å gje seg litt tid med framsida av boka. Tittelen Rosas buss – saman kjem vi fram til at forteljinga handlar om ein buss, men han er ikkje rosa, han er gul. Vi skjønar at Rosa er namnet på ei dame som er med i forteljinga, sikkert ei viktig dame sidan ho får namnet sitt med i tittelen.

Så les vi – bileta er veldig viktige – eg opplever at om eg skal lese boka utan skjerm, kan eg ikkje ha meir enn 8-10 elevar i gruppa, dei må få sitje så nær at dei ser, ikkje berre bileta, men også uthevingane i teksten. Somme tider held eg boka vendt mot borna og likevel les, då er det greitt å kunne teksten godt. Vi må ikkje bryte fiksjonen og dermed spenningskurva kvar gong vi snur boka. Somme tider bør/må vi stoppe opp og sleppe til respons frå lesarane, hekte på dei som eventuelt ikkje heng med, men det bør vere planlagt kvar hen, og eg føler at inntil tre gonger er passeleg i løpet av lesinga. Ikkje særleg meir.»

Døme på spørsmål knytte til opplesinga: 

Fakta: Ku Klux Klan Opprinneleg var KKK ein amerikansk protestantisk rasistisk terroristorganisasjon. Medlemmane brukte kvite kostyme som bestod av kapper, masker og ein spiss, konisk hatt. Dei arrangerte mystiske nattlege seremoniar. Klanen gjorde seg skuldig i ei rekke valdshandlingar, bortføringar, lynsjingar og mishandlingar. http://snl.no/Ku-Klux-Klan

Samtale og refleksjon om forteljinga/temaet

Utgangspunktet for samtalen er dei refleksjonane eller spørsmåla elevane sit med når dei høyrer eller har høyrt boka. Eit springande punkt i resepsjonen av teksten er om elevane greier å forstå kvifor ho måtte reise seg. Å vere brun i huda er heldigvis noko mange mindre born ikkje greier å sjå problemet med, eller nokon gong har tenkt på som ein grunn til å velje å ikkje vere saman med eit anna menneske.

Døme på spørsmål til vidare samtale og refleksjon.

Rosa starta kampen om like rettar for kvite og svarte. Andre sentrale fridomsforkjemparar som det kan vere aktuelt å trekke inn i samtalen er Martin Luther King Jr og Nelson Mandela.

Boka har to tidsplan. Ei historie som utspelar seg i notid der Ben og bestefaren skal besøke Henry Ford-museet og ei historie der bestefar vil fortelje Ben historia som skjedde i 1955. Dette gjenspeglar seg i biletbruken.

Samtale og refleksjon om bileta i boka

Svart-kvitt-bilete er brukte når bestefar fortel historia frå 1955. Farga bilete er historia om Ben og bestefaren på museum. Nokre ser også biletbruken som symbol, at svart-kvitt var i den perioden det var raseskille, medan fargane kom når dette opphøyrde. Fargebruken kan også gjengi noko større: At svart-kvitt symboliserer ei mørk fortid, og fargane symboliserer ei notid som er betre.

«Elevane fekk sjølve foreslå kven dei ser på det siste biletet før dei fekk sjå oppslaget på skjerm.» (lærar i 7. klasse)

På det siste biletet ser vi Ben og bestefaren som sit på kafe, dei kan sjølv velje kvar dei vil sitje. Dei sit ved vindauget der det er lyst og fint. Dette kan illustrere den valfridomen dei har i dag. På framsida av avisa er det bilete av president Barack Obama som er den første afroamerikanaren som er blitt vald til president i USA. Noko som illustrerer kvar vi står i dag.

«Temaet i Rosas buss er svært engasjerande og elevane likte boka. Ho er ikkje på nokon måte «barnsleg» sjølv om ho er ei biletbok.» (lærar i 7. klasse)

Vidare arbeid:

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 20.05.2014

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)