Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

PDF til utskrift

Last ned teksten som PDF

Last ned teksten som ein PDF til utskrift.

 

Olaf Moriarty Solstrand

Olaf Moriarty Solstrand (f. 1982) kjem frå Åfjord i Sør-Trøndelag. Han skriv manus for Donald Duck og driv vevstadene Andeby Online og Nettserier.no.

I denne teksten fortel Olaf Moriarty Solstrand, manusforfattar for Donald Duck, om korleis du kan arbeida med idear, samandrag og manuskript til teikneseriar.

Ein teikneserie blir fødd

Innleiing | Korleis går ein fram? | Persongalleriet | Ideen
Samandraget | Manuskriptet

Ideen

Ideen er nettopp det: ein idé, ein tanke om kva som skal skje i historia. For å bruka eit døme frå ei av mine eigne Donald-historier: Eg liker Magica frå Tryll. Nokon sette meg på tanken om korleis det hadde vore dersom Donald og nevøane måtte kjempa mot Magica utan at Skrue var til stades. Eg likte tanken, men følte at det aleine ikkje danna nok grunnlag for ei historie. Men så byrja eg å tenkja … Kva er den store styrken til Ole, Dole og Doffen? At dei er hakkespettar, og har tilgang på hakkespettboka. Hakkespettboka er tufta på vitskap. Angrepa til Magica er tufta på magi. To rake motsetningar. Magica plar ha ein ny trylleformel kvar gong ho kjem til Andeby for å prøva å slå kloa i lykketiøringen. Kva om ho denne gongen ikkje hadde éin formel, men fem, og Ole, Dole og Doffen måtte bruka Hakkespettboka for å forsvara seg mot kvar og ein av desse formlane? Det var ein idé eg hadde lyst til å skriva ei historie om!

Utgangspunktet for ein teikneserie treng ikkje vera meir konkret enn dette. Alt ein treng på dette stadiet, er eit overblikk over kva historia skal handla om. Det kan vera veldig nyttig å ha klart for seg i hovudet kva kjernen i historia eigentleg er, før ein byrjar å teikna eller skriva samandrag – og om du har lyst til det, kan du allereie her byrja diskutera ideen med andre og få tilbakemelding på kva andre synest om han.

Neste: Samandraget

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.