Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden
I Kunnskapslyftet står det: «Hovedområdet sammensatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan være satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det innebærer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame, nettsider, sangtekster, film og teater. Hovedområdet omfatter både elevens egen tekstproduksjon og opplevelse, kritisk vurdering og analyse av sammensatte tekster.»
Her har me samla nokre kompetansemål frå Kunnskapslyftet (merkte med kursiv) der det kan høva å arbeida med teikneseriar. Til kvart mål har me teke med døme på moglege arbeidsmåtar.
«eleven skal kunne samtale om hvordan ord og bilde virker sammen i bildebøker og andre bildemedier»
Teikneserien «Bjørnen og reven» er ein fin tekst å nytta som utgangspunkt for ein samtale om samspelet mellom ord og bilete. I den teikneserien vert noko sagt av skrifta og noko av bileta, og det er gjennom kombinasjonen av dei to at den fulle forteljinga stig fram.
«eleven skal kunne lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde»
Elevane kan få i oppgåve å laga sine eigne teikneseriar, til dømes ved å gjera eit nynorsk dikt (eller ein songtekst) om til ein teikneserie. Sjå undervisningsopplegget Frå dikt til teikneserie.
«eleven skal kunne samtale om hvordan ord og bilde virker sammen i en tekst»
Teikneserien «Bjørnen og reven» er ein fin tekst å nytta som utgangspunkt for ein samtale om samspelet mellom ord og bilete. I den teikneserien vert noko sagt av skrifta og noko av bileta, og det er gjennom kombinasjonen av dei to at den fulle forteljinga stig fram.
«eleven skal kunne lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy»
I undervisningsopplegget Frå dikt til teikneserie får elevane i oppgåve å laga ein eisides teikneserie ut frå eit nynorsk dikt.
I undervisningsopplegget Tekst i bobler vert nynorsk tekstskaping kombinert med samansette tekstar. Elevane får ulike teikneseriar der teksten i originalboblene er retusjert bort. Oppgåva til elevane er å laga ei meiningsfull forteljing ved å skriva inn ny tekst på nynorsk. Opplegget er dokumentert på film som ein del av ressurspakken i praksis: nynorsk som sidemål i grunnskulen.
⇒ Last ned teikneseriesider med tomme snakkebobler (PDF)
«eleven skal kunne bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster»
Undervisningsopplegget Raude kyssemerke syner ulike måtar å arbeida med ei novelle, inkludert det å skapa ein teikneserie basert på novella. Opplegget er dokumentert på film som ein del av ressurspakken i praksis: nynorsk som sidemål i grunnskulen.
«eleven skal kunne vurdere estetiske virkemidler i sammensatte tekster hentet fra informasjons- og underholdningsmedier, reklame og kunst og reflektere over hvordan vi påvirkes av lyd, språk og bilder»
Kva du kan gjere med ein teikneserie … kan vera eit utgangspunkt for å læra elevane om ulike verkemiddel i teikneseriar. Etter at elevane har lært om verkemiddel kan dei få i oppgåve å finna og analysera verkemiddel i ein teikneserie.
«eleven skal kunne forklare hvordan mening og uttrykk videreføres og endres når enkle fortellinger, tegneserier og poplyrikk oversettes til norsk»
Her er det til dømes mogleg å sjå på kva omsetjinga har å seia for opplevinga av serien Hårek.
⇒ Hårek på originalspråket (på sida til King Features)
⇒ Hårek på norsk (på sida til Bulls Press)
«eleven skal kunne tolke og vurdere samspillet mellom muntlig og skriftlig språk, bilder, lyd og musikk, bevegelse, grafikk og design og vise sammenhengen mellom innhold, form og formål»
Elevane kan få i oppgåve å sjå på samspelet mellom teikningane og skrifta i ein teikneserie. Kva hender til dømes i samspelet mellom skrift og bilete i siste ruta i fyrste Småbruket-stripa? Og korleis er samspelet mellom diktet og teikningane i «Song til ein orm»?
«eleven skal kunne beskrive estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser og reklame og drøfte ulike funksjoner knyttet til språk og bilde»
Med utgangspunkt i det dei lærer frå Tommelfingerreglar eller Kva du kan gjere med ein teikneserie … kan elevane få i oppgåve å finna og analysera estetiske verkemiddel i ein teikneserie.
«eleven skal kunne bruke ulike medier for å tolke og presentere tekster fra ulike tider»
Elevane kan få i oppgåve å tolka ein tekst gjennom å laga ein teikneserie av han. Legg gjerne vekt på at dei, for å få til å laga ei god teikneserietolking, må arbeida med å finna ut kva dei tykkjer er kjernen i originalteksten. Teksten Ein teikneserie blir fødd kan vera til hjelp for elevane i arbeidet med å laga manus til teikneserien sin.
«eleven skal kunne vurdere bruk av estetiske virkemidler i ulike medier»
Elevane kan få i oppgåve å samanlikna filmar med teikneseriar for å finna ut kva som er likt og ulikt i dei to media (jf. teksten Kva er ein teikneserie?). Til dømes kan dei sjå på bruken av vinklar og nær- og oversynsbilete i «Song til ein orm», og finna likskapar med kamerabruken i filmar.
⇒ Undervisningsopplegg om «Song til ein orm»
«eleven skal kunne sammenligne og vurdere tekster som overføres fra ett medium til et annet»
Elevane kan få i oppgåve å sjå på teikneseriar som er laga med utgangspunkt i andre tekstar, til dømes «Song til ein orm» (tufta på eit dikt av Tor Jonsson) eller Dante (tufta på Den guddommelege komedie). Dei kan sjå på samspelet mellom teikningane og verbalteksten, kva teikningane tilfører og korleis teikningane påverkar tolkinga av originalteksten.
⇒ Undervisningsopplegg om «Song til ein orm»
Eit anna alternativ kan vera å la elevane sjå på filmatiseringar av teikneseriar, noko som kan opna for refleksjonar kring likskapar og ulikskapar mellom filmmediet og teikneseriemediet (jf. teksten Kva er ein teikneserie?).
Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.