Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

PDF til utskrift

Last ned teksten som PDF

Last ned teksten som ein PDF til utskrift.

 

Olaf Moriarty Solstrand

Olaf Moriarty Solstrand (f. 1982) kjem frå Åfjord i Sør-Trøndelag. Han skriv manus for Donald Duck og driv vevstadene Andeby Online og Nettserier.no.

I denne teksten fortel Olaf Moriarty Solstrand, manusforfattar for Donald Duck, om korleis du kan arbeida med idear, samandrag og manuskript til teikneseriar.

Ein teikneserie blir fødd

Innleiing | Korleis går ein fram? | Persongalleriet | Ideen
Samandraget | Manuskriptet

Korleis går ein fram?

Måten eg lagar manus til Donald Duck-teikneseriar på, kan delast inn i tre trinn: ideen, samandraget og sjølve manuskriptet. Denne inndelinga gjer at eg har eit overblikk over handlinga i heile historia allereie frå første trinn, og det gjer òg at redaktøren min allereie på idéstadiet kan gi meg ei tilbakemelding på om han synest at dette er noko eg bør skriva ferdig, eller om eg berre kan kasta heile ideen og byrja på ein ny. Lagar du teikneseriar berre for deg sjølv, har du sjølvsagt ingen redaktør som kan gi deg tilbakemelding, men eg anbefaler likevel denne tredelinga av arbeidsprosessen. Det hjelper veldig å ha oversikt over kva historia skal handla om, før ein byrjar å skriva manuset – eller, endå verre, byrjar å teikna! Dessutan er det veldig praktisk å få luka ut dei dårlege ideane så tidleg som mogleg.

Neste: Persongalleriet

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.