Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

PDF til utskrift

Last ned teksten som PDF

Last ned teksten som ein PDF til utskrift.

 

Olaf Moriarty Solstrand

Olaf Moriarty Solstrand (f. 1982) kjem frå Åfjord i Sør-Trøndelag. Han skriv manus for Donald Duck og driv vevstadene Andeby Online og Nettserier.no.

I denne teksten fortel Olaf Moriarty Solstrand, manusforfattar for Donald Duck, om korleis du kan arbeida med idear, samandrag og manuskript til teikneseriar.

Ein teikneserie blir fødd

Innleiing | Korleis går ein fram? | Persongalleriet | Ideen
Samandraget | Manuskriptet

Manuskriptet

Så er det på tide å putta historia inn i teikneserieformatet, og som vanleg er det mange måtar å gjera det på. For korte striper og historier er det heilt vanleg å ikkje ha eit manus i det heile. Nokre vel å teikna manuset som ei skisse, og bruka denne skissa som ein kladd for den ferdige teikneserien. Sjølv føretrekkjer eg å skriva eit manuskript, ikkje ulikt dei manuskripta ein finn igjen i film, TV og skodespel. Litt annleis blir det, ettersom det ikkje er ei rekkje skodespelarar ein skal instruera med manuskriptet, men ein enkelt teiknar (kanskje til og med deg sjølv!). Då er det viktig å få fram korleis teikningane skal sjå ut, kven som er med i kva rute, og slike ting. Eg skriv mest manus for andre teiknarar, så eg prøver å vera så detaljert som mogleg i skildringane mine av kva som skal skje. Samandraget er til stor hjelp i dette steget.

Eg har tidlegare i denne artikkelen nemnt arbeidet mitt med historia «Tryllestav mot hakkespetter», som stod i Donald Duck & Co 39/2007. For å visa korleis eit manuskript kan sjå ut, tek eg her med eit utdrag av manuset til denne historia (omsett til norsk – originalmanuset var på engelsk).

Side 1

Bilete 1–4: Skrues kontor, i Pengebingen. Donald, Ole, Dole og Doffen er der – Skrue er ikkje der. Donald feiar golvet med ein kost i bakgrunnen, medan nevøane sit på golvet i ein halvsirkel rundt ein haug med diamantar. Rundt dei står eit utval pussemiddel, og dei pussar ein diamant kvar med eit pusseskinn. Ein stad i rommet ser vi tre hakkespettryggsekker, som om nevøane planlegg å dra på eit hakkespettarrangement seinare. Nevøane er glade, bortsett frå Dole, som verkar litt tankefull, medan Donald ser ut som om han kjedar seg litt (slik han alltid ser ut når han jobbar for Skrue). Dersom døra til forkontoret viser i biletet, legg merke til at frøken Vable ikkje er der.

VIKTIG: Nesten heile historia skjer i dette eine rommet, så det er ganske viktig korleis møblane er oppstilte. Eitt av hjørna i rommet – aller helst det som er lengst vekk frå inngangsdøra – er heilt tomt for møblar (sjå side 7). Skrues skrivebord bør ikkje vera for langt unna dette hjørnet (sjå side 9). Skrues skrivebord må òg stå slik at dersom ein gøymer seg bak det, vil ein ikkje bli sedd av nokon som kjem ut av kvelvet (sjå side 10). Glasklokka til lykketiøringen er ikkje i rommet. Kvelvdøra med dei sju låsane er lukka.

Farge: Nevøane pussar diamantar / Grøne pengesetlar

Doffen: Å passa på pengebingen for onkel Skrue i nokre dagar var ikkje så vanskeleg som vi trudde!

Ole: Ja, han og frøken Vable burde vera tilbake frå forretningsreisa si i Brasilia i morgon, og ingen problem har skjedd enno!

Bilete 5: Zoom inn på Dole, som ser litt bekymra ut. Donalds replikk kjem frå utanfor ruta.

Dole: Vel, eg er framleis bekymra for at noko … mystisk kunne skje!

Donald: Pølsevev!

Bilete 6: Fokuser Donald, med kosten i den eine handa og ei urikkeleg tru på det han seier. Nevøane ser opp på han.

Donald: Kva er det å bekymra seg for? B-gjengen er i fengsel, Gulbrand Gråstein er på den same konferansen som Onkel Skrue …

Bilete 7: Donald held fram med å snakka.

Donald: … Den Svarte Riddaren blei sedd i Brunei så seint som i går, og lykketiøringen er trygt innelåst i kvelvet!

Bilete 8: Utanfor pengebingen. Magica frå Tryll gøymer seg i ein busk, og har eit vondskapsfullt smil. Ho held ein hasseltretryllestav – ikkje ein heilt vanleg tryllestav (sjå side 2), så ver så snill å teikna eitt eller anna spesielt ved denne om du kan. Dersom vi ser pengebingen på denne teikninga, kjem Donalds replikk frå eit vindauge, elles kjem han frå utanfor ruta. Magica er anten ved sida av eller på baksida av pengebingen (slik at ho ikkje blir sedd av bingevakta når ho gjer trylleformelen sin på side 2). Merk: Magica har ei ganske stor veske i denne historia.

Donald: Kva i alle dagar kan gå gale?

Skiltet på pengebingen: KR

… og slik ser altså ei side frå eit Donald-manus ut. Alle replikkar er skrivne inn i fulltekst, og sjølv om eg normalt ikkje forklarer i detalj korleis alle møblar og landskap skal sjå ut, må eg påpeika det dersom det er viktig for historia. I dette tilfellet blei historia teikna av Arild Midthun. Dersom du skal teikna dine eigne manus, treng du sjølvsagt ikkje vera såpass detaljert som eg er her.

Slik tolka Arild Midthun manuset:

Å utarbeida eit teikneseriemanus er til veldig stor hjelp når ein skal laga teikneseriar. Du slepp å finna på idear etter kvart. Du veit i detalj kva som skal skje i heile historia allereie når du teiknar første rute. Du klarer å balansera sidene dine slik at dei har omtrent like mykje handling, samtidig som du får avslutningar på kvar enkelt side som er så spennande at lesaren berre bla om for å finna ut kva som skjer. Dersom du vil samarbeida med nokon og la dei teikna historiene dine, er manuset ein ideell måte å formidla ideane sine på, på ein god og detaljert måte.

Då står berre arbeidet med å teikna teikneserien att … Men det er ei anna historie. Lykke til som teikneserieskapar!

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.