Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden
Last ned teksten som ein PDF til utskrift.
Olaf Moriarty Solstrand (f. 1982) kjem frå Åfjord i Sør-Trøndelag. Han skriv manus for Donald Duck og driv vevstadene Andeby Online og Nettserier.no.
I denne teksten fortel Olaf Moriarty Solstrand, manusforfattar for Donald Duck, om korleis du kan arbeida med idear, samandrag og manuskript til teikneseriar.
Innleiing | Korleis går ein fram? | Persongalleriet | Ideen
Samandraget | Manuskriptet
Kven speler hovudrollene i din teikneserie? Du må velja sjølv om du vil laga alle figurane før du byrjar på teikneserien, eller om du vil utvikla dei etter kvart som dei dukkar opp, men dess betre du kjenner figurane dine, dess betre veit du korleis dei kjem til å reagera på situasjonane du puttar dei inn i. Det er ikkje tilfeldig kva figurar du bruker, og kva eigenskapar du gir dei.
Du vel sjølv kven som skal vera med i figurgalleriet ditt, men det løner seg å tenkja mangfaldig og kreativt. Dersom du lagar ein teikneserie om to menn som har alt felles, er einige om alt, og sit på puben og snakkar saman dag ut og dag inn, er det eigentleg ikkje så veldig mykje som kan skje med dei. Dersom du lagar ein teikneserie om ein maktsjuk papegøye som røykjer seksti sigarettar om dagen og har fiendar i mafiaen, og ein naiv bever med trebein som drøymer om å kjøpa sitt eige offentlege basseng, vil det vera veldig mykje lettare å koma på idear til kva dei to kan finna på.
Neste: Ideen
Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.