Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden
Last ned teksten som ein PDF til utskrift.
Olaf Moriarty Solstrand (f. 1982) kjem frå Åfjord i Sør-Trøndelag. Han skriv manus for Donald Duck og driv vevstadene Andeby Online og Nettserier.no.
I denne teksten fortel Olaf Moriarty Solstrand, manusforfattar for Donald Duck, om korleis du kan arbeida med idear, samandrag og manuskript til teikneseriar.
Innleiing | Korleis går ein fram? | Persongalleriet | Ideen
Samandraget | Manuskriptet
Dersom du lagar striper, enkeltsider eller svært korte historier, er det ganske vanleg å hoppa over dette steget. Skal du laga ei lengre historie på åtte sider eller meir, vil eg nesten kalla det uunnverleg. Samandraget er ei vidareutvikling av ideen: Her planlegg du meir av kva som skal skje kvar og når. Som eg skreiv over, var ideen min at Ole, Dole og Doffen måtte bruka hakkespettboka for å forsvara lykketiøringen mot kraftige trylleformlar. Men det var mykje igjen å planleggja: Kva trylleformlar skulle Magica bruka? Kva artiklar frå Hakkespettboka kunne gutane bruka for å forsvara seg? Kva skulle skje, i kva rekkjefølgje? Kven skulle gjera kva til kva tid, kvifor skulle dei gjera det, og korleis skulle dei andre reagera på dette? Og ikkje minst: Korleis skulle eg byggja opp all denne handlinga for at det skulle bli ei historie av det som folk kunne tenkja seg å lesa?
Dersom du ikkje er spesielt glad i å skriva, kan samandraget vera ganske kjedeleg, fordi det blir det næraste ein kjem til det å skriva stil. Sjølv synest eg at samandraget er noko av det mest spennande i heile prosessen, fordi det er her historia tek form og ein byrjar å sjå kva som skal skje i historia. Det er òg gjerne her du byrjar å dela handlinga inn i kva som skal skje på kva side – då slepp du det problemet at det skjer veldig mykje på ei side og nesten ingenting på ei anna side, og du klarer å laga spennande sideavslutningar slik at lesaren får veldig lyst til å bla om. Og det ferdige samandraget kan du sjølvsagt òg diskutera med venene dine, slik at du kanskje får tilbakemelding på ting du bør gjera annleis før du lagar eit manus til historia.
Neste: Manuskriptet
Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.