Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden
Kapittelet «Song til ein orm» frå teikneserien Soga om Olav Sleggja.
Tor Jonsson skreiv diktet «Song til ein orm» på slutten av livet. Les diktet i tekstformat.
Av Arild Torvund Olsen
Teikneseriar er ei form for samansett tekst som opnar for mange arbeidsmåtar. Ein innfallsvinkel til emnet kan vera å samanlikna teikneseriemediet med andre medium, for slik å læra meir om likskapar og ulikskapar mellom media. I dette opplegget tek me utgangspunkt i eit kapittel frå teikneserien Soga om Olav Sleggja der teksten er tufta på diktet «Song til ein orm» av Tor Jonsson
Opplegget er laga for elevar i den vidaregåande skulen.
Målet for dette undervisningsopplegget er at elevane skal kunna vurdera bruk av estetiske verkemiddel i ulike medium, jf. kompetansemåla i norsk etter Vg2, og samanlikna og vurdera tekstar som vert overførde frå eitt medium til eit anna, jf. kompetansemåla i norsk etter Vg3.
Elevane bør helst ha lært ein del om verkemiddel i ulike medium på førehand. Det kan òg vera ein føremon at dei har arbeidd noko med diktet «Song til ein orm» av Tor Jonsson. Med mindre kvar elev sit på ei eiga maskin med tilgjenge til nettet, må du dessutan skriva ut teikneserien på førehand.
Dersom du ynskjer å arbeida meir med tilhøvet mellom film og teikneseriar, kan YouTube-klippet med traileren for teikneserien Soga om Olav Sleggja vera fint å ta i bruk.
Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.