Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Typisk nynorsk er ein ressursbase for lærarar som underviser i nynorsk på ungdomssteget og i vidaregåande skule. Opplegget er bygd opp rundt tekstar på nynorsk i ulike sjangrar og med ulike skrivemåtar. Det er sjølvsagt opp til læraren å tilpasse dette opplegget til elevane sine ved å formulere nye læringsmål og læringsaktivitetar eller velje ut og skrive ut delar av opplegget.

Fire av ti drikk under svangerskapet
Læringsmål: Å kunne ta i bruk informasjon ifrå skriftleg tekst i eigen tekstproduksjon.
Fakta om handhygiene (på nynorsk og bokmål)
Læringsmål: Å lære om språklege trekk i norsk ved å samanlikne fagtekstar på bokmål og nynorsk.
Til kvar tekst vil læraren finne:
Grunnleggjande ferdigheiter er bakte inn i læringsmåla og læringsaktivitetane, men blir også gjort synlege med særskilde symbol. Vi har eit håp om at elevane skal få eit litt større medvit om norsk språk med hjelp av nettressursen Typisk nynorsk.
Ressursen er utvikla ved Nynorsksenteret av Ingrid Slettevoll i samarbeid med Arild Torvund Olsen.