Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Typisk nynorsk

Til læraren | Lærings- og kompetansemål | Læringsaktivitetar | Vurdering | Om teksten | Fordjuping

Fire av ti drikk under svangerskapet
Skrivemåtar: informasjon, beskriving, utgreiing/forklaring
Sjanger: Nyheitsartikkel
Kjelde: NPK

Læringsmål:
Å kunne ta i bruk informasjon ifrå skriftleg tekst i eigen tekstproduksjon.

Last ned for utskrift (PDF)

Fire av ti drikk under svangerskapet

(NPK): Heile 40 prosent av norske kvinner held fram med å drikke alkohol i større eller mindre mengder i svangerskapet, viser ei ny doktorgradsavhandling.

– Utviklinga er svært uroande, seier dr.med. Astrid Alvik til forskning.no. I doktorgradsarbeidet sitt har ho undersøkt drikkevanane til 1749 Oslo-kvinner før, under og etter svangerskapet, og er svært uroleg over dei funna ho har gjort. Sjølv om nesten alle reduserte alkoholforbruket sitt monaleg då dei vart gravide, var det framleis 40 prosent som ikkje var totalfråhaldande.

– Og sjølv små mengder alkohol kan gje skadar eller mindre heldig utvikling av fosteret under svangerskapet. Det viser både dyreforsøk og forsøk på cellenivå, i tillegg til nokre studium på menneske, seier Alvik.

Kampanje

I desse dagar startar Sosial- og helsedepartementet kampanjen «Alkoholfritt svangerskap» med eit klart råd til gravide om heilt å kutte alkoholbruken.

Alviks studie viser at av dei som drakk meir enn sju alkoholeiningar i veka før dei vart gravide, var det heile tre av fire som ikkje vart totalfråhaldande etter at dei vart gravide. (Ei eining er eitt glass vin eller øl eller ein drink.)

Endringane i alkoholforbruket kom først når kvinnene skjønte at dei var gravide. Det galdt også dei som hadde planlagt å bli gravide, som viste seg å gjelde 78 prosent av kvinnene.

Lærevanskar og rusproblem

– Forskingsresultat viser at hjerneutviklinga til fosteret kan bli skadd alt før kvinnene veit at dei er gravide. Når ein fjerdedel seier at dei har drukke fem einingar alkohol eller meir tidleg i graviditeten, er det all grunn til uro. Det betyr at kvart fjerde foster kan stå i fare for ikkje å få ei optimal utvikling, seier Alvik. Undersøkingar har vist at det er auka risiko for lærevanskar og mentale helseproblem som rus og personlegdomsforstyrring etter eit slikt inntak.

Nikotin er også skadeleg for fosteret. Alviks undersøking viste at 37 prosent av kvinnene røykte før svangerskapet, og 25 prosent dagleg. Dette vart redusert til 12 prosent i slutten av svangerskapet, og til sju prosent for daglegrøykinga. Eit halvt år etter fødselen røykte 18 prosent att, medan 9 prosent røykte dagleg.

Farlegare enn nikotin og heroin

– Men korkje nikotin, heroin eller kokain er like farleg for fosteret på lang sikt som alkohol, ifølgje Alvik.

– Abstinensane etter narkotiske stoff kan vera svært ille for fosteret når det blir født, men det går over. Fleire alkoholskadar er derimot irreversible. Alkohol er dermed det stoffet som er farlegast for fosteret, etter det vi veit per i dag. Kvinner bør difor vera totalfråhaldande under graviditet, og alkoholbruken bør endrast ved planlegging av graviditet, understrekar Alvik. Ho peikar på at kvinnene veit at alkohol er skadeleg, men ikkje kor skadeleg det er.

95 prosent av kvinnene i materialet mitt svara at det var viktig å endre drikkevanane sine på grunn av fosteret, men eg er ganske sikker på at dei ikkje veit kor farleg det er, seier Alvik.

I fleire EU-land har dei kjørt kampanjar mot alkoholkonsum i svangerskapet ei stund, blant anna i Frankrike, der ein har merkt alkoholhaldige flasker med åtvaringar til gravide. No kjem altså Noreg etter. (©NPK)