Dagane

Her er eit dikt om alle dagane i veka. Diktet kan de lese eller syngje i lag med borna. Teksten er skriven av Hilde Myklebust, Martine Grande har illustrert, og Heidi Marie Vestrheim har laga melodi til. Her på sida finn de ein illustrert musikkvideo, ein plakat med teksten, lydfiler med innspeling av melodien, eit ark med tekst og gitargrep og ei samling ark med illustrasjonar til kvar enkelt dag.

Dagane

Tekst: Hilde Myklebust

Veka har så mange små
Ho er mor til mange dagar
Heile sju å passe på:

Måndagen er eldstemann
Dukkar opp som troll frå øskje
Ingen brøler slik som han

Tysdag ho er mild og fin
Blyg som snøklokka om våren
der ho veks i hagen din

Onsdag er ein virvelvind
Spring rundt som ein galen okse
overalt frå fjord til tind

Torsdag smyg seg som ein katt
Listar seg på mjuke føter
Går helst ut når det er natt

Fredag sprudlar som ein brus
Han er full av liv og latter
Alle vil ha han i hus

Laurdag har eit hav av tid
Ruslar rundt og ser på fuglar
Alltid fredeleg og blid

Søndag er litt lat og treg
Sniglar seg i sniglehuset,
men vil ha besøk av deg!

Ark med teksten

Dagane Ark 5
Dagane: Illustrerte ark (PDF)

Her kan du laste ned diktet i form av illustrerte ark, med eitt ark for kvar dag.

Dagane Plakat Stor
Dagane: Plakat (PDF)

Her kan du laste ned ein plakat med teksten til diktet «Dagane».

Dagane Akkordar Stor
Dagane: Akkordar (PDF)

Her kan du laste ned songteksten med akkordar.

Lydfiler