Avis i barnehagen

Felles tekstskaping – å lage avis

Å lage avis saman med barna er ei form for felles tekstskaping. Tekstskaping er ein vaksenleidd aktivitet der barna får samtale om noko dei er opptekne av, og saman skrive ned ein tekst om dette temaet. Rutt Trøite Lorentzen har laga eit faseprogram (Høigård 2006) som skal sikre struktur i arbeidet med slike barneskapte tekstar, og det å lage avis med barna kan delast opp i desse fasane: opplevings- og inntrykksfasen, samtale- og forteljefasen, nedskrivingsfasen, etterarbeidsfasen og gjenlesingsfasen. I denne teksten vil vi presentere korleis det å lage avis saman med barna kan strukturerast i desse ulike fasane.

Opplevings- og inntrykksfasen

Det viktige i denne fasen er at barna får ei felles oppleving som dei kan samtale om. I Bergetippen barnehage vel førskulelæraren ut ei nynorsk barnebok som dei skal lese saman i lesestunder. Ho finn fram enkle rekvisittar som ho brukar saman med boka, og dette blir ei felles oppleving.

Samtale- og forteljefasen

I denne fasen er barnegruppa samla, og alle får fortelje noko om den felles opplevinga. Denne fasen er språkutviklande på den måten at barna både lyttar til andre og uttrykkjer seg verbalt. I tillegg til å snakke om opplevinga ein har av boka, bør førskulelæraren her hjelpe barna med å planleggje kva slags type tekst det er dei skal skrive. Kven skal lese teksten? Kva slags tekst skal dei skrive?

Nedskrivingsfasen

Nedskrivingsfasen følgjer like etter samtalefasen, og her skriv den vaksne ned det barna vil ha med frå samtalefasen. Barna er med og seier setninga høgt når den vaksne skriv henne ned. Til slutt les ein teksten høgt saman. Det er då viktig at den vaksne les tydeleg og peiker på teksten slik at barna kan følgje med.

Etterarbeidsfasen

I denne fasen tek ein teksten fram på nytt og jobbar med han på ulike måtar. Ein kan til dømes ha ein fellesaktivitet rundt blokka eller skjermen ein skriv på, eller ein kan lage kopiar av teksten, slik Bergetippen barnehage gjer når dei trykkjer opp avisa. I ein slik aktivitet kan barna til dømes sjå etter bestemte bokstavar og setje ring rundt dei, dei kan finne ord som dei synest er spesielt fine, eller dei kan finne namnet sitt i teksten. Her er det berre fantasien som set grenser.

Gjenlesingsfasen

I denne fasen blir teksten teken fram og lesen på nytt, gjerne ei god stund etter at han vart skriven. På denne måten får barna oppleve det viktigaste skiljet mellom talespråk og skriftspråk: talespråket er flyktig, medan skriftspråket er varig. Det er først etter ei tid barna kan oppleve dette, for like etter nedskrivinga hugsar dei framleis kva teksten handla om. Denne fasen kan opne for gode samtalar om språk, noko som utviklar det metaspråklege medvitet. I Bergetippen barnehage kan dei til dømes ta fram igjen aviser dei laga tidlegare på året, og lese dei på nytt.

Tekstskaping er ein aktivitet som ein kan variere på mange måtar. Bergetippen barnehage har funne sin variant. Det fine med denne typen aktivitetar er at barna lærer av kvarandre og får oppleve at det å skrive og lese er meiningsfulle aktivitetar. Dei får erfaringar både med dei tekniske sidene ved lesing og skriving, og dei får erfaring med at skriving og lesing er ei eiga form for kommunikasjon. Barna er ofte stolte av tekstar dei sjølve har vore med på å skape, og det er ein god ting å kunne få med seg slike tekstar heim. Då kan både etterarbeidsfasen og gjenlesingsfasen skje i heimen òg, saman med foreldra.

Kjelder

Høigård, Anne 2006: Barns språkutvikling. Muntlig og skriftlig. Oslo: Universitetsforlaget (s. 221–229)