Kråkebollebilly

Denne vesle animasjonsfilmen handlar om Kråkebollebilly. Han er, som namnet seier, ein kråkebolle. Kråkebollebilly vil så gjerne gje nokon ein klem, men dét er ikkje så greitt når ein er ein kråkebolle med spisse piggar. Filmen leikar seg med ord, og sjåarane får sjå korleis ein kan laga nye ord ved å setja saman to eller fleire ord. Utgangspunktet for filmen var at animatøren Magnhild Winsnes vart inspirert av Marit Tusvik-diktet «Kra kra» i barnebokantologien Les for meg!:

Ein kråkebolle
av den impulsive typen
gav klemmar til alle han møtte

Han skjønte ikkje
at viss ein vil ha vener
og er kråkebolle
må ein ta det litt med ro

Å lage nye ord

Ordleiksikon
Ordleik: Set saman ord (PDF)

Leik med samansette ord er eit godt utgangspunkt for samtalar om språk og utvikling av språkleg medvit. Her finn du eit ark frå Ordleiksboka der borna kan prøva seg på å laga samansette ord med utgangspunkt i uttrykk.

De kan òg laga nye ord ved å nytta biletlottokort med teikningar og ord, eller å laga eigne illustrerte lappar med småord. Borna kan trekkja to ord og setja dei saman til eit nytt, samansett ord. Lat borna teikna det nye ordet.

Krone Og Planet2
Dersom du set saman «krone» og «planet», kan du få ein kroneplanet. Teikna av Mari (5 1/2 år).
Makk Og Tog2
Makk + tog = makktog, «eit tog med makkar bakpå». Teikna av Mari (5 1/2 år).