Nynorsksenteret: barnehage

 
Barnehage / Tekstar og boktips /

Bokstavsommaren

BokstavsommarenStyrk vil snorkle, men da må nokon passe på han.
Det blir Zara, veslesøstera hans.
Ho er for lita til å snorkle,
men stor nok til å halde auge med broren.
Som lønn skal ho få ein skatt kvar dag.
Skatten skal komme frå havet
og begynne på ein ny bokstav kvar gong.

Bokstavsommaren – PDF til utskrift (obs! stor fil)

Bokstavsommaren – PDF til skjermbruk

Bokstavsommaren – papirutgåve frå Samlaget

 

Rammeplan for barnehagen (2017) seier mellom anna at barnehagen skal bidra til at barn leiker med språk, symbol og tekst, og stimulere til språkleg nysgjerrigheit, bevisstheit og utvikling.

Personalet skal invitere til ulike typar samtalar der barna får fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål. Dei skal også bruke varierte formidlingsformer og tilby eit mangfald av bøker, songar, bilete og uttrykksformer og støtte barna i leiken med og utforskinga av skriftspråket (R17, s. 48).

Erna Osland har på oppdrag frå Nynorsksenteret og Lesesenteret skrive ei samling med bokstavtekstar. Tekstane kan lesast som ei samanhengande forteljing, men det er òg mogleg å lese dei ulike bokstavforteljingane frittståande. Alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik.

Bokstavsommaren innbyr til samtalar om det du finn i fjøra, og til leik med bokstavar, lydar og ord. Du kan ta med boka ut på tur, henge illustrasjonane i barnehøgd inne eller ute.  

Fagtekstar, tips og bakgrunnsstoff

Bokstavkjennskap, bokstavnavn og bokstavlyd av Trude Hoel ved Lesesenteret

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)