Les for livet!

Les For Livet

Dette læremateriellet er eit samarbeid mellom Olav H. Hauge-senteret, Nynorsksenteret og Foreningen !les. Oppgåvene til Svarte-Mathilda, Keeperen og havet og Eg er eg er eg er har tidlegare vore nytta i Tid for ti-aksjonane.

Det er fint om de har bøkene tilgjengelege i klasserommet når de arbeider med oppgåvene, men det er ikkje naudsynt.

Vi håpar at både teaterframsyninga og desse oppgåvene vil gje elevar og lærarar lyst til å lese vidare!  

Opplegg

Eg Er Eg Er Eg Er
Opplegg til Eg er eg er eg er (PDF)

Diktsamlinga Eg er eg er eg er er skriven av Ruth Lillegraven og gjeven ut på Samlaget. Opplegget er utvikla av Foreningen !les.

Utdrag frå boka (PDF)

Bjorkebokstavar
Opplegg til Bjørkebokstavar (PDF)

Diktsamlinga Bjørkebokstavar er skriven av Hilde Myklebust og gjeven ut på Samlaget. Opplegget er utvikla av Nynorsksenteret.

Utdrag frå boka (PDF)

Svarte Mathilda
Opplegg til Svarte-Mathilda (PDF)

Svarte-Mathilda er skriven av Tor-Arve Røssland og gjeven ut på Samlaget. Opplegget er utvikla av Foreningen !les.

Utdrag frå Svarte-Mathilda (PDF)

Landet Under Isen
Opplegg til Landet under isen (PDF)

Landet under isen er skriven av Lars Mæhle og gjeven ut på Samlaget. Opplegget er utvikla av Nynorsksenteret.

Keeperen Og Havet Stort
Opplegg til Keeperen og havet (PDF)

Keeperen og havet er skriven av Maria Parr og gjeven ut på Samlaget. Opplegget er utvikla av Foreningen !les.

Utdrag frå boka (PDF)

Monsterboka Stort
Opplegg til Grunna (PDF)

Novella «Grunna» av Terje Torkildsen er henta frå samlinga Monsterboka (Skald forlag). Opplegget er utvikla av Nynorsksenteret.

Grunna (PDF)

Om Les for livet!

Gjennom teaterframsyninga Les for livet! får elevane smakebitar av nyare barne- og ungdomslitteratur på nynorsk. Manusforfattar Lars Mæhle har fletta saman tekstutdrag frå fleire forfattarar som skriv i ulike sjangrar, til ei spennande forteljing. I Les for livet! får elevane oppleve alt frå dikt til fantasy i ei engasjerande framsyning. Målet er å fremje leseglede!

Få framsyningar i Den kulturelle skulesekken har undervisningsopplegg for etterarbeid. Gjennom dette opplegget kan elevane arbeide vidare med utvalde tekstar frå dei aktuelle forfattarane. Undervisningsopplegget er lagt opp slik at læraren sjølv kan velje tekstar og omfang.    

I LK20 skal elevane i større grad eksperimentere og bruke nysgjerrigheita si i faget, særleg i barneskulen. Ved å arbeide med eit emne over tid og på ulike måtar, kan ein legge til rette for djupare læring der elevane forstår omgrep og samanhengar, både i fag og mellom fagområde. Kjerneelementa Tekst i kontekstMunnleg kommunikasjon og Skriftleg tekstskaping er sentrale i opplegga til Les for livet. Kjelde: www.udir.no